– Må starta no!
Dei tre skulane i sentrumsområdet er fulle. Planlegging av ny skule "austom elva" må starte allereie no, krev Ingrid Netland (Sp).
I samband med saka om korleis Os kommune skal løysa det store elevkullet som startar til hausten, der administrasjonen har forelått å bussa 12 elevar til Søfteland skule, blei også ny skule "austom elva" brakt på banen.
– Det verste som kan skje er å splitte eit nærområde, det er ikkje med på å skapa eit godt bumiljø.
– Vi må begynne planlegginga av ny skule austom elva med ein gong, konkluderte Ingrid Netland (Sp) då saka om bussing blei diskutert i det utvida formannskapsmøte.
Invitt frå rådmannen
Saka om ny skule er ikkje ny, men har aktualisert seg ytterlegare med den høge folkeveksten som er i Os kommune.
"Veksttala viser at kommunen i perioden 2018-2024 vil få ein så stor auke i elevtal at ny skule alt no bør planleggjast med tanke på ferdigstilling i perioden 2018-2021. Det er svært mykje som taler for at denne skulen bør byggjast "aust om elva", men så nær sentrum som mogleg. Dette for å verte ein del av den skulemassen som kan knytast til "sentrumsskulane". Det vil fremje fleksibilitet og redusere trong for skyss. Rådmannen føreset at skulen i Hegglandsdalen vert lagt ned når ny skule står klar. Tomt bør avklarast snarast", skriv rådmann Knut Terje Rekve i budsjettframlegget.
Kva perspektiv skal ein ha?
Ordførar Terje Søviknes (Frp) undra om administrasjonen meinte ein ville ta unna den auka elevmassen som kan koma på Søfteland som følgje av utbygginga i Hjellemarka.
– Kan vi risikrera at Søfteland går full innan to tre år?
– Eg tørr ikkje lova noko, men med dei prognosane vi sit med no, så skal det holde.
– Eg vil ikkje bli arrestert på det om seks år, men vi har tatt høgde for det området som no byggast ut, svara oppvekst- og kultursjef Ingvar Torsvik.
– Det er jo nesten umogleg å spå, derfor må løysinga vi vel vera så robust som vi klarar, slik at vi i eitt 5 til 6 års perspektiv kan byggje skulen aust om elva, påpeika Søviknes.
Dette fekk Helge Olav Nygård (Krf) til å leike med tala.
– Om vi ser på reknestykket i budsjettet så kostar ein million i lån oss omlag 57 000 i renteutgifter i året.
– Ein ny skule til 160 millionar kroner, vil då kosta oss 7-8 millionar i året.
– Fem år er kort tid. Kva vil vera konsekvensane å forsera skulen austom. Er det 7-8-9 millionar i driftsbudsjettet, undra Nygård.
– Ja, men så kjem spørsmålet om drift i tillegg då. Det blir ei større deling på antal elevar, svara Torvik.
Vil venta til skulen kan bli full
Det fekk rådmann Knut Terje Rekve til å reagera.
– Eg blir ofte oppfatta som lysesløkker. Eg kjenner på meg at vi er i ferd med å mala oss opp i same hjørne som på barnehagane.
– Vi har ei skule som kan ta opp desse elevane. Søfteland får gode klassar, tilbodet til barna blir bra.
– Eg er livredd for å velgje ein løsning som kneblar kommunen meir og meir. Då kjem vi opp i ein kuttsituasjon. Difor spelte vi inn austom elva, og planlegginga av denne.
– Kanskje er vi der i 2017-2018 at den kan realiserast.