Må selja 28 pc-ar
Etter ombygging på rådhuset skal dei tilsette over på iPad, noko billigsal av brukte, bærbare pc-ar skal vera med på å finansiera.
Oppdatert, dette er APRILSNARR:
Måndag var det nyopning etter oppussing og ombygging på rådhuset, og det er ikkje berre helsestasjonen og kundetorget som har blitt ny.
- Vi har fått kabla opp til fleire sendarar sånn at det no endeleg er trådlaus nettverk i heile huset, seier Simen Soltvedt, rådgjevar for digitale tenester i Os kommune.
Går over til Apple
Med nytt trådlaust nett er det også duka for ny maskinpark. Os kommune vurderte først å gå over til «steintavlene» som lokalpolitikarane bruker, men han no bestemt seg for iPad 2.
- Når vi ser kva iPad har blitt så må vi innrømma at vi nok var litt raske med å kasta oss over desse pc-ane med touchscreen. No har vi hatt full gjennomkjøring av iPad, som også politikarane i løpet av året skal over på, men vi startar med nokre av oss i administrasjonen.
- Men utskiftinga blei litt dyrare enn vi først hadde trudd.
Kvalitetsmaskiner på billigsal
Administrasjonen hadde i utgangspunktet sett av 120.000 kroner til 28 nye maskiner, men prislappen kjem på rundt 150.000 kroner.
Derfor blir ikkje dei 2 år gamle pc-ane kasserte, dei skal seljast for 1000 kroner stykket.
- Dette er bærbare IBM pc-ar med stort minne og svært stabil og rask prosessor, maskiner som hadde kosta rundt 20.000 kroner å kjøpa ny, seier Soltvedt.
Maskinene er klare for levering onsdag i neste veke, men frå i dag startar salet.
- Folk kan koma innom eller senda epost for å bestilla, her blir det førstemann til mølla, seier Soltvedt.
Ville ha Terje si maskin
Allereie førre veke hadde enkelte lokalpolitikarar fått med seg at det var pc-sal på gang, og nokre av dei var ivrige etter ei spesiell maskin.
- Det var ein i opposisjonen, eg vil ikkje nemna namn, men han har vore rådmann i Os tidlegare, som spurte spesielt etter Søviknes si maskin. Kanskje han tenkte at det var noko «snop» å finna på maskina.
- Men eg kan forsikra alle om at maskinene er tømt for alle data og spor før dei blir leverte til kjøparane.