Lokal | 14. okt. 2014

– Må avklara dimensjon og økonomi

Parkeringshuset: Ordførar Terje Søviknes (Frp) omtalar planane som spenstige, men treng tid til å diskutera dei politisk.

– Må avklara dimensjon og økonomi
Ordførar Terje Søviknes (Frp) og prosjektleiar Fredrik Seliussen leia presentasjonen av dei tre arkitektutkasta (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 14. okt. 2014 08:30

Måndag fekk prosjektgruppa for «Liv på Øyro» presentert dei tre arkitektforslaga til parkeringshus og kollektivterminal på Osøyro. Leiar for prosjektgruppa, ordførar Terje Søviknes (Frp) oppsummerte presentasjonen og den vidare framdrifta slik.

– Det er spenstige planar og tre ulike måter å angripa oppgåva på.

– Når det gjeld volum og høgder så er det ei utfordring vi må nytta mykje tid på allereie no.

– Eg fekk ein sniktitt på planane då dei blei levert, så eg har allereie byrja tenkje, det må de òg gjera no, oppmoda han dei andre i prosjektgruppa.

Korleis finansiera det?

Eit spørsmål prosjektgruppa må få svar på er i kva grad er dei tre alternativa skalerbare, også med tanke på ei trinnvis utbygging.

– Volum heng òg samen med økonomi.

– Det skal finansierast opp dette, påpeika Søviknes.

Kårar vinnar i november

Vegen vidare for dei tre framlegga er at den faglege, uavhengige, juryen skal gje si innstilling til prosjektstyret for «Liv på Øyro» om fjorten dagar.

– Kåring av vinnaren er 1. steget, så får vi tilpassa det ut frå dimensjon og kostnad.

– Eg tenkjer dette må gå til formannskapet for endeleg avgjer.

– Ein vinnar vil bli kåra i løpet av november, avslutta Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.