Lyssand blei president
– Det er gode tider for oss som driv med duer, seier nyvalt president i Norges Brevdueforbund, Ragnar Lyssand.
I helga var 12 medlemmar frå Os Brevdueklubb til Kristiansand for å delta på årsmøte i Norges Brevdueforening.
Foreininga består av rundt 400 medlemmar fordelt på 19 regionale grupper.
Os er i gruppe 5, ei gruppe Ragnar Lyssand har vore formann for dei siste 14 åra.
Overtar som president
Lyssand, som har sete i styret i Norges Brevdueforbund dei siste tre åra, blei i helga valt til president.
– President blir valt for eit år om gangen. Eg overtar no etter Frode Bragstad, som har sete som president dei siste tre åra, fortel Ragnar.
Pensjonert politimann
I januar 2012 gjekk Rangar Lyssand av med pensjon etter 38 år i politiet, dei siste 8 åra som operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.
– No jobbar eg med trelast hos Geir Flåten nokre dagar i veka og har samtidig god tid til å driva med hobbyar, seier Lyssand.
Dei siste 25 åra har han også drive med fuglemerking og er gruppeleiar for ringmerkegruppa i Os.
Gode vilkår
Ragnar fortel at han har drive med duer sidan ungdomen, og at han tok opp igjen hobbyen då han flytta tilbake til Os på 80-talet.
– På 70- og 80-talet var falken, som er duene sin verste fiende, nesten utrydda grunna mykje giftbruk i landbruket.
– Men så blei det oppdrett av falk, som blei sett ut i naturen, og brå auke av falk gjorde at dei som dreiv med brevduer mista veldig mange duer.
– Fleire gav seg med duer grunna store tap. Men no går det betre, det er som om duene har tilpassa seg. Det gjer at fleire har tatt opp igjen hobbyen, i tillegg er det ganske bra rekruttering.
– Brevduer er eit gamalt og godt kommunikasjonsmiddel og ein kjekk hobby, ikkje minst for ungdom, synes president Ragnar Lyssand.