Lokal | 15. nov. 2016

Lyseklostervegen blir stengt i helga

Fv 161 Lyseklostervegen blir stengt for all trafikk når ny bru skal støypast.

Lyseklostervegen blir stengt i helga
Til helga er det støyping på denne brua, og vegen blir stengt heile laurdag og delar av søndag. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 15. nov. 2016 12:44

Fylkesveg 161 Lyseklostervegen blir stengt for all trafikk til helga.

Vegen blir stengt frå laurdag 19. november klokka 05.00 til søndag 20. november klokka 15.00, melder vegvesenet.

Det er omkøyring i aust om E39 og i vest via kommunal veg (Ole Bulls veg over Søvikåsen, som i går blei stengt grunna nedbør) og fv. 163 langs Lysefjorden.

Årsaka til stenginga er støyping av bruflate.

Brua er del av den komande fylkevesvegen frå Endelausmarka, der ny E39 er under bygging, og inngår i prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal. Årsaka til at det blir bygd bru her er særleg av omsyn til raudlista augestikkarar i terrenget kring Sjøbøelva i Endalausmarka.

Statens vegvesen har ikkje høve til å sleppa trafikk forbi under brustøyp og herding av betongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.