Fotball | 27. mai 2024

Lysekloster tapte med fire mål

– Eg er rett og slett imponert, seier Hetlevik om motstandar.

Lysekloster tapte med fire mål
Lars Kilen, her i treningskamp mot Viking 2 før sesongstart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. mai 2024 17:03

Lysekloster sto med berre 2 tap på dei 8 siste kampane, inkludert det frustrerande 2-3-tapet på overtid for KFUM i fjerde NM-runde, før dagens seriekamp.

Kampen gjekk på bortebane mot serieleiar Viking 2, som Lysekloster slo 3-2 i treningskamp i slutten av mars.

Dagens kamp blei annleis.

– Dei var rett og slett imponerande gode! synest Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Spesielt då dei hadde ball, var dei enormt presise og framovelente.

– I kampar som denne bør nok eit lag som oss endra stilen for å ha håp om å ta poeng, men vi valte å prøva å forsvara oss slik vi elles forsvarer oss. Det gir oss erfaring eg trur vi på sikt tener på, vi møter nok få lag i år som er så gode som Viking 2 var. Men resultatet blei òg eit godt stykke frå poeng.

Viking 2 leia 2-0 til pause og auka til 4-0 før David Campher reduserte for Lysekloster. Kampen enda 5-1.

Viking 2 står no med 6-1-1 og 19 poeng på 8 kampar.

Lysekloster ligg på 5. plass på tabellen med 13 poeng. Neste kamp går heime mot Hødd og Elias Heggland Myrlid frå Os.

Hødd ligg på 4. plass, også dei med 13 poeng.

– Det trur eg kan bli ein jamn og underhaldande kamp, seier Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.