Lysekloster og Os sine 18 treningskampar
Sånn ser vinterprogrammet ut.
Lysekloster har avtalt 10 treningskampar i vinter, Os har avtalt 7, i tillegg til at dei har plan om minst éin kamp i løpet av vinterens treningsleir, og skal spela kvalifisering til NM før serien startar.
Begge laga skal spela treningskamp mot Fana, Fyllingsdalen, Sotra, Sandviken og Varegg. Lysekloster skal i tillegg spela mot blant andre Øygarden og Florø, mens Os har bestilt motstand frå Vard Haugesund og Åsane.
– Eg er nøgd med motstandarane, og det at vi har avtalt mange treningskampar. Det gir oss sjansen til å øva mykje på spelestil, roller og relasjonar, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Han har dessutan eit heilt anna utgangspunkt enn i fjor til å drilla mannskapen inn mot seriestart.
– På denne tida i fjor hadde vi 5 spelarar, halve laget blei signert etter midten av mars. No har eg 15, og kanskje 3 til som signerer før helga. På første trening etter nyttår stilte 24 mann som alle viste at dei ønskjer å bidra denne sesongen.
Det har nyleg blitt kjent at Lysekloster mister både kaptein Nikolai Harris, som trappar ned med fotball, og måljeger Even Vetås, som har fått kontrakt med nystarta Øygarden, som har arva Nest-Sotra sin plass i OBOS.
– Dette visste vi om i god tid, og har planlagt oppbemanninga deretter, seier Ruben.
I tillegg er det noko uvisse omkring Martin Pedersen, som har fått jobbtilbod i heimbygda på Bømlo, og Denis Ljubovic, som kanskje droppar tilbodet han i utgangspunktet var på veg til i Kroatia.
Lysekloster sine treningskampar
05.02: Sandviken - Lysekloster (Stemmemyren)
08.02: Lysekloster - Sotra (Lysekloster Framo Idrettspark)
15.02: Lysekloster - Florø (Lysekloster Framo Idrettspark)
18.02: Lysekloster - Varegg (Lysekloster Framo Idrettspark)
22.02: Fana - Lysekloster (Sotrahallaen)
28.02: Sotra - Lysekloster (Sotrahallen)
14.03: Lysekloster - Øygarden (Lysekloster Framo Idrettspark)
20.03: Lysekloster - Brann 2 (Lysekloster Framo Idrettspark)
28.03: Lysekloster - Åkra (Lysekloster Framo Idrettspark)
04.04: Lysekloster - Fyllingsdalen (Lysekloster Framo Idrettspark)
13.04: Seriestart, Lysekloster - Sandviken
Os sine treningskampar
27.01: Åsane – Os (Vestlandshallen)
01.02: Fana – Os (Nestun Idrettspark)
02.02: Fyllingsdalen – Os (Varden)
22.02: Treningsleir + kamp
11.03: Os – Varegg (Kuventræ)
14.03: Os – Åkra (Kuventræ)
21.03: Sotra – Os (Sotrahallen)
30.03: Sandviken – Os (Stemmemyren)
04.04: Kvalifisering til NM
13.04: Seriestart, Ready – Os
– Me får god og tøff matching i treningskampane. Me møter blant anna Åsane, Vard Haugesund og Sotra som ligger ein og to divisjoner over oss. Å møte best mogleg motstand trur eg er viktig for at me skal ta nye steg, seier Os-trenar Endre Brenne, ifølgje eigne heimesider.