Lysekloster møter Leik og Lassen
2. runde NM er klart. Lysekloster tek imot Åsane med Vegard Leikvoll Moberg og Simen Lassen.
Det er duka for eit nytt lokaloppgjer når Lysekloster tek imot Åsane med osingane Vegard Leikvoll Moberg og Simen Lassen i 2. runde i NM.
Lysekloster slo som kjent ut Os 4-2 etter ekstraomganger på Kuventræ onsdag. Åsane på si side tok seg vidare frå 1. runde etter å ha slått ut Tertnes 5-0.
Kampen spelast onsdag 27. april kl 19.00 på Lysekloster Framo Idrettspark.
Begge laga speler denne helga seriekamp. Lysekloster tek imot Fana heime klokka 16 laurdag.
Åsane, som speler i OBOS-ligaen, speler òg heime mot Ranheim. Den kampen går søndag klokka 17.
I tillegg til Lysekloster-Åsane, speler Fana - Nest-Sotra og Varegg - Haugesund som laga frå Hordaland i 2. runde.