Lysekloster henta seg inn igjen
Os leia 3-1 og missa på store sjansar før Lysekloster kom tilbake og utlikna på Kuventræ i dag.
Søndag spelte Os og Lysekloster andre serierunde framfor over 600 betalande på tribunen på Kuventræ.
«Farmen-Knut» blei historisk då han i 12. minutt sørgja for at Lysekloster leia over Os. Os vann som kjent heime i fjor, borte blei det uavgjort etter Os hadde leia 2-0.
I NM-kvaliken i vinter var Os meir suverene, og etter at heimelaget utlikna og tok leiinga på to minutt i dagens kamp såg det ut til at storebror skulle ta sigeren heim i dag òg.
Men Lysekloster kom tilbake og utlikna på overtid.
Os - Lysekloster 3-3 (2-1)
Målskårarar: 0-1 Knut Eide (12.), 1-1 Roar Vestbø (31.), 2-1 Emilis Zilinskas (32.), 3-1 Mats Cato Moldskred (67.), 3-2 og 3-3 Preben Skorpen (76. og 90.).
– Vi byrja med å legga oss litt bakpå, vi ville ikkje at Os skulle få overgangar, som dei er sterke på, seier Tore Valvik.
Den tidlegare Os-spelaren spelte i dag sin første heile kamp for Lysekloster.
– Men då vi hamna under måtte vi frampå, og det er som offensivt lag vi er best, forklarer han om dagens innhenting.
Os-kaptein Stian Lunde fortvile over dårleg utteljing.
– Då vi ikkje klarte å punktera kampen på alle sjansane i 2. omgang, og dei la om til tre bak og kjørte på for å utlikna, så var det i grunn Frode (Øvredal, keeeper), som heldt oss inne i kampen.
Midtsiden kjem tilbake med video og meir om kampen.