Lyngbø til Oseana
3. april kjem Dagfinn Lyngbø til Oseana med showet "Stereo". – Billettane er allereie ute for sal, så det gjeld å vera om seg, seier marknadssjef Astrid Heggland.
Dagfinn Lyngbø kjem til Oseana med sitt kritikarroste show "Stereo" torsdag 3. april.
– Dette blir eit av dei store høgdepunkta til våren.
– Då Lyngbø spelte i Bergen i fjor haust var det vanskeleg å få tak i billettar, så her er det ingen vits å venta med å kjøpa, rår Astrid Heggland, marknadssjef hjå Oseana.
For showet høsta Lyngbø den eine seksaren etter den andre på terningen med overskrifter som "Viktig melding - Lytt til Lyngbø", "Latterbombe" og "I en klasse for seg".
Komiprisvinnar på turné
Dagfinn Lyngbø vann i 2013 komiprisen for årets mannlege artist/stand up. Etter tilsaman 200 framsyninger i Bergen og Oslo legg no den folkekjære komikaren ut på turné landet rundt. Turneen avsluttast på heimlege trakter med framsyningar i Oseana, Odda og Voss som avslutning på våren.
Sjå ein kort smakebit frå showet i videoen nedanfor