Lokal | 22. aug. 2012

Lyn knuste skorstein

Tore Kleppe fekk ein uventa, men kraftig salutt på 40-årsdagen sin.

Lyn knuste skorstein
– Vi høyrte smellen godt, seier Tore Kleppe etter å ha hatt lynnedslag i skorsteinen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. aug. 2012 21:10

Onsdag ettermiddag har det vore kraftig nedbør og flaum i Os sentrum. Saman med regnet kom lyn og torden, og i Borgavegen slo det ned hos ein jubilant.

– Vi hadde besøk og hadde nettopp ete middag. Eg skulle til å tøma kaffien på kanna då lyn og torden kom i same smellen, fortel Tore Kleppe, som fyller 40 år i dag.

Kunne fått stein i hovudet

Få minutt før smellen hadde han sete med ein av gjestane i partyteltet medan ho tok seg ein røyk.

Delar av pipa knuste taksteinen og landa på altanen få meter frå partyteltet.

Fleire jordfeil

– Vi har nok vore litt heldige, sjølv om huset no er fullt av jordfeil.

– Komfyren er nok øydelagt og no prøver eg meg fram med éin og éin sikring for å sjå om eg får straum i delar av huset.

– Taket må eg nok også få reparert før natta, fortviler Tore, som likevel tar øydeleggingane med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.