Lurte til seg 9.600 kroner
Først prøvde han seg på bedrageri på Rema, så blei han tatt då han ville lura til seg pengar på Joker.
Fredag i 16-tida rykte politiet ut til Rema 1000 i Idrettsvegen.
Ein mann hadde tatt nokre filmar i butikken, som han gjekk til kassen med for å få pengar igjen. Sjølv om han ikkje hadde betalt dei.
– Vedkomande er ein kjenning av politiet som høyrer heime i Berge. Forholdet blei meldt og vedkomande blei sett på bussen retning by'n, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Men på Søfteland gjekk mannen av bussen og på Joker prøvde han seg på ein frekkare vri.
Politiet vil ikkje ut med detaljar på korleis, men mannen prøvde å lura til seg heile 9.600 kroner i høve ein transaksjon til spelekortet sitt hos Norsk Tipping.
Han stakk frå staden og personalet varsla Norsk Tipping og politiet. Mannen blei ikkje funnen.