Løype i Landboden
Laurdag kjem Tour of Norway for kids til Os. - Vi håper på over 100 deltakarar, seier Leif Klakegg.
Tour of Norway for kids blei starta opp i 2005 i regi av Norges Cykleforbund. Det første året blei det halde 21 slike arrangement, i fjor 51 og i år er det Tour for kids 60 plassar i Noreg.
Under Vårsleppet i Os sentrum laurdag kjem Tor for kids-sirkuset til Os. Ungar opp til og med 14 år kan delta i gratisrittet, og alle som syklar på to hjul utan støttehjul er med i trekninga av hovudpremien, ein DBS-sykkel.
- Alle får premie i form av t-skjorte og ein pose med litt forskjellig i, medan det er loddtrekning på kven som får sykkelen. I fjor var det ein racersykkel i premie, i år blir det nok ein terrengsykkel, seier Leif Klakegg frå CK Henie.
Hugs registrering
Det er Os Sentrumsforening som står som lokal arrangør, medan sykkelklubben i Os er leigd inn som vaktar. Resten står Tour for kids-gjengen for.
- Det blir speakerteneste og litt show. Andre stadar har det vore 150 til 300 deltakarar, så vi er spente på responsen.
Den lengste løypa er på knappe 600 meter, i Landboden i Os sentrum. Dei på trehjulsykkel og dei med støttehjul får ei kortare løype.
- Alle som vil vera med i trekninga av DBS-sykkelen må hugsa å registrera seg på førehand, anten på tourkids.no eller i forkant av rittet, opplyser Klakegg.
Rittet startar klokka 14.