Lokal | 21. okt. 2017

Lokalpartia saman for første gong

Møttest med intensjon om å danna Bjørnafjorden Høgre

Lokalpartia saman for første gong
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. okt. 2017 08:48

Pressemelding:

Representantar frå Os Høyre tok måndag kveld turen til Eikelandsosen for å møte kollegar frå Fusa Høgre. Dette var første gong lokallaga møttest for å drøfta framtida no når kommunesamanslåinga er eit faktum.

Til liks med dei andre partia skal Høyre stilla felles liste i Os og Fusa ved kommunevalet i 2019, og vi ser det difor som naturleg at vi slår oss saman til eit felles lokallag innan utgangen av 2018.

Møtet var særs positivt, og prega av god dialog og velvilje frå begge partar. Vi ser fram til det vidare samarbeidet og trur at Høyre sin politikk vil kunna løfta fram det beste i heile den nye Bjørnafjorden kommunen.

Den vidare saksgangen er ikkje heilt klarlagt, men det vil vera ein prosess der vi skal få rettleiing og hjelp frå partileiinga og sekretæriatet i Hordaland Høgre for å sikra at alt går føre seg på ein god måte. Sjølv om vi føler oss sikre på at medlemmane våre vil støtte ei samanslåing, så står det att å gjere naudsynte formelle vedtak på årsmøta våre i november. Gitt positive vedtak må det óg gjerast ein del arbeid før vi veit kva tid Bjørnafjorden Høgre vert formelt stifta, og korleis organisasjonen skal sjå ut.

Målet med ei samanslåing av lokallaga er sjølvsagt det same som ved samanslåing av kommunane: sjølv om vi er gode kvar for oss så trur vi at vi blir endå betre om vi sameiner krefter.

Trass i at avstanden over fjorden er kort så er utfordringane i dagens kommunar ganske ulike, og vi har mykje å læra både om og av kvarandre. Viss vi skal kunna forma og gå til val på eit felles program om mindre enn to år trur vi difor det blir viktig å treffast ofte, bli kjent, prata og ikkje minst lytta til kvarandre.

I tida framover vil vi difor freista å få til felles formelle og uformelle møter og møteplassar for medlemmane våre både fysisk og på den digitale arena. Parallelt med at vi får på plass det organisatoriske kjem vi òg til å bruka god tid på å prata med innbyggjarar og næringsliv på begge sider av fjorden for å høyra kva saker dei syns vi skal jobbe med som eit nytt lokallag i den nye storkommunen. Dette vil ligge til grunn når vi skal danna ei felles politisk plattform som listekandidatane skal gleda seg til å gå fronta, uavhengig av om dei kjem frå Nordtveitgrend, Søfteland, eller frå ein heil annan krins i vår flotte, nye kommune.

Uansett om du er medlem eller ikkje, ta gjerne kontakt med ein av oss dersom du lurer på noko.

Susanne Sperrevik, leiar Os Høyre
Ranveig Næss, leiar Fusa Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.