Lokal forskrift i Bergen - kva med Bjørnafjorden?
– Vi følgjer ikkje Bergen, men bør vera noko meir varsame, seier Klaus Melf.
Byrådet i Bergen har i dag vedtatt ei ny, lokal forskrift.
Årsaka er høge smittetal, 82 nye i dag, torsdag 5. august, på nivå med november i fjor.
Mange av dei smitta er unge vaksne mellom 20 og 29 år og frå 30 til 39 år. Det er også fleire utbrot på sjukeheimar.
Den nye, lokale forskriften for Bergen kommune inkluderer:
- Plikt til registrering av gjestar på serveringsstadar
- Krav om bruk av munbind om du skal bevega deg i lokalet på serveringsstad
- Redusert lydnivå så folk kan halda avstand og likevel snakka saman
- Maks 10 gjestar i private samlingar
- Besøksrestriksjonar på sjukeheimar
Les alle på Bergen kommune si heimeside.
– Vil Bjørnafjorden kommune følgja Bergen?
– Nei. Vi har hatt dialog med Bergen, FHI og Statsforvaltaren, og det er anbefalt at nabokommunane ventar med å følgja Bergen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
– Smitten aukar her også, med 6 nye tilfelle (alle 6 i 20-åra) dei siste 4 dagane. Har du noko oppmoding til innbyggarane?
– Ja. Hugs å halda avstand.
– Hugs også at du er ubeskytta dei første tre vekene etter første dose, og berre delvis beskytta fram til du er fullvaksinert.
Melf har inntrykk av at fleire av dei unge smitta har vore overraska over at dei, kort tid etter første dose, har følt seg beskytta og tatt noko lett på smittevernet.
– Alle dei som har vore smitta i annan kommune har blitt smitta i Bergen, i samband med utelivet i sentrum, eller på private festar.
Dei siste to vekene er det til saman berre 380 som har testa seg i Bjørnafjorden kommune, mens det på det meste er testa 300 på ein dag og 1000 på ei veke.
Med færre som testar seg har andelen smitta i forhold til kor mange som har testa seg gått opp.
Vil du sleppa karantene?
– Neste veke er den siste veka før skulestart. Eg håpar mange over 18 år, som enno ikkje har fått første dose, rekk å vaksinera seg i løpet av den veka.
Delta (indisk mutasjon) smittar endå meir enn Alfa (britisk mutasjon) gjorde.
I tillegg til beskyttelse gir vaksinen deg mildare sjukdom, om du likevel blir smitta, og enkelte praktiske fordelar.
Tre veker etter første dose slepp du karantene, mot at du testar deg. Når du er fullbeskytta er det ikkje testplikt for å sleppa karantene.
– Kor stor andel av dei unge har fått første dose?
– Vi ligg no på 80 prosent av gruppe 10 (18-24 år saman med 40-44 år) og 63 prosent av gruppe 11 (25 til 39 år).