Little trouble for Big Chef
Restauranten som opna i Brugata 30. oktober er no stengt.
Fiskehandlar Lepsøe sitt lokale i Brugata sto tomt frå Gastronomen sin konkurs etter eit halvt år i drift i 2014 og eit drygt år fram til Big Chef opna 30. oktober 2015.
For Big Chef blei det endå kortare prosess, i går, etter knappe tre månadar med drift, var restauranten stengt.
– Eg forsto det sånn at dei skulle pussa opp og endra konseptet, seier huseigar Ingvar Lepsøe på telefon frå Spania.
– Happy Thai skal overta
På telefon kom vi ikkje gjennom då vi i dag tasta 1 for Os, men via tast 2 til Arna møtte vi Big Chef-sjef Khairi Albadan.
– Restauranten på Os gjekk veldig bra den første månaden, men så mista vi mykje omsetnad, fortel Alban.
Han stadfestar at restauranten skal pussast opp og få ny meny, men seier at han sjølv er ute av bildet.
– Happy Thai skal overta. Dei vil blant anna legga nytt golv så restauranten blir stengt i cirka to veker.
Det er dermed duka for thaimat i Brugata frå cirka midten av februar.
Fleire nye restaurantar på veg
Os har frå før thaimatrestauranten Aroydee i Telthuskvartalet.
I februar skal det opna ny restaurant på Fagerthun-hjørnet i Brugata, i mars skal iSushi opna ved Osbrua.