Litt trøblete start
Tysdag var første dagen med Post i Butikk på Rimi. Men oppstarten gjekk ikkje heilt knirkefritt.
Klokka tre måndag lukka postkontoret på Os dørene for siste gang.
På Rimi har dei den siste veka arbeida iherdig med å få alt klart til å ta over Posten sine tenester.
Les òg: Har fått sluttdato
- Hikke alle vegar
Butikksjef på Rimi, Linda Veivåg, fortel at første postdag ikkje har gått heilt som dei håpa på.
- Det har vore ein del tekniske problem her i dag. Både postkassen og handterminalen er ute av drift.
Problema går blant anna ut over dei som skal hente rekommandert post.
- Akkurat no er det hikke alle vegar, men vi håper at alt er oppe og går igjen i løpet av ettermiddagen, seier Veivåg.
Ofra litt lagerplass
For å gjera plass til posttenestene har dei måtta ofra litt lagerplass i butikken.
- Vi har to store lager og god plass, så det har ikkje gjort oss så mykje.
Postavdelinga er plassert inst i butikken, ved sida av betalingskassane.
Det tidlegare postkontoret var utstyrt med 420 postboksar, så mykje har det ikkje blitt plass til på Rimi.
- Vi har like mange kundar, men berre plass til 280 boksar, så det er ikkje mange som ikkje er i bruk.
Nytt og spanande
Veivåg er glad for at det var akkuart dei som fekk Post i Butikk i Os.
- Eg satsar jo på at det kan hjelpa å auka omsetnaden til butikken, men eg er òg glad for at posten framleis er i Os sentrum.
- Og kundane kan no nytta posttenestene frå klokka 7 om morgonen til 23 om kvelden.
For å førebu seg har fleire av dei tilsette vore på hospitering på ICA Nordås, der dei fekk prøva seg på postoppgåvene deira.
- Dei av våre tilsette som har fått mest opplæring, vil etterkvart læra opp dei andre.
- For oss er dette noko nytt og spanande, og vi ser fram til nye utfordringar og ein meir variert arbeidsdag, avsluttar Veivåg.