Litt tidleg ute
Det var jamt sig til vallokalet i Oshallen i dag, men ikkje alle trefte på klokkeslettet. No er det stemmeteljing og vake.
– Eg føler det har vore litt få, men eg har høyrd at det er mange som har stemt på førehand, kom det frå sekretæriatet då Midtsiden var i vallokalet i Oshallen i dag.
– Men på morgonen var det ein del, nokre av dei hadde visst kome for å stemma klokka 9.
Måndag klokka 10 opna vallokala i Os i dag.
– Vi får håpa at ingen bommar den andre vegen, at dei kjem for seint, seier varabrannsjef Arne Monsen, også han i sekretæriatet i vallokalet.
Klokka 21 var det stengt, ein time seinare enn ved førre val.
Kven er på vake?
Midtsiden følgjer valet frå rådhuset og frå fellesvake på Solsiden.
Ei kort undersøking per sms til lokalpartia i Os i dag viser at Høgre og Frp er på Solsiden, kanskje også KrF, medan Venstre er i Bergen.
Også MdG er i Bergen medan SV har samla seg i privat lag, og leiinga i Ap og Sp er vekkreist.