Næringsliv | 05. jan. 2016

Liten nedgang i talet på konkursar

13 verksemder i Os blei slått konkurs i 2015. Det er to færre enn i 2014.

Liten nedgang i talet på konkursar
Færre gjekk konkurs i 2015 (arkivfoto: AH)
Andris Hamretysdag 05. jan. 2016 08:28

På landsbasis har tala på antal verksemder som har gått konkurs eller blitt tvangsavvikla helde seg rimeleg stabile fra 2014 til 2015 med ein nedgang på 0,8%.

Ser ein på tala for verksemder registrert i Os kommune syner dei at det i 2015 var 13 verksemder som blei slegen konkurs, mot 15 i 2014. Tilsvarande blei fire verksemder tvangsavvikla i 2015 mot seks i 2015. Det tydar på at den positive trenden frå 2013 til 2014 held fram. Også då var det ein liten nedgang.

I hele landet blei det hos konkursregistereret registrert 5781 konkursar eller tvangsavviklingar. Dette er ein nedgang på 0,8 prosent frå året før. Størst er nedgangen i Aust-Agder med 26,8 prosent. I Hordaland syner tilsvarande tal ein reduksjon på 6,6 prosent. I nabofylket Sogn og Fjordane ser ein motsatt tendens med ei auke på 21,1 prosent, noko som gjer at dei er det fylket med nest flest konkursar i 2015, berre slått av Buskerud som aukar med 21,9 prosent i følgje ei pressemelding frå Brønnøysundregistrene.

Konkurs opnast når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje sine forpliktingar eller når aksjekapitalen for selskapet er brukt opp.

Tvangsavvikling opnast når eit selskap har meldt oppløysing, men unnlete å melda endeleg sletting i Foretaksregisteret – eller når eit selskap etter gjentekne purringar frå Foretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan også tvangsoppløsast om det ikkje sender inn årsrekneskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.