Lokal | 26. okt. 2012

Lite tull på glatten

Det blei snø, ikkje regn, natt til fredag. Ein bossbil som sto fast er det einaste politiet har fått melding om til no.

Lite tull på glatten
Det har snødd i natt og det sludda tett fredag morgon. Her ved rundkjøringa mellom Byvegen og E39. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. okt. 2012 09:37

Bildeserie:

Den første snøen etter sommaren kom torsdag formiddag. (Foto: KVB)
Den første snøen etter sommaren kom torsdag formiddag. (Foto: KVB)
Industrivegen fredag morgon. (Foto: KVB)
Industrivegen fredag morgon. (Foto: KVB)
Full spinn! Her var det så vidt det gjekk opp bakken. (Foto: KVB)
Full spinn! Her var det så vidt det gjekk opp bakken. (Foto: KVB)
Også Byvegen var kvit i dag tidleg. (Foto: KVB)
Også Byvegen var kvit i dag tidleg. (Foto: KVB)
Os & Fusaposten. Med vinterdekk? (Foto: KVB)
Os & Fusaposten. Med vinterdekk? (Foto: KVB)
Politiet på veg til bossbil som sto fast i Kolabakken. (Foto: KVB)
Politiet på veg til bossbil som sto fast i Kolabakken. (Foto: KVB)
Bossbilen var vekke leeenge før Midtsiden kom fram. (Foto: KVB)
Bossbilen var vekke leeenge før Midtsiden kom fram. (Foto: KVB)
1 av 7

Torsdag morgon var det snø på Møsnuken og meldingar om meir nedbør utover formiddagen, og frå torsdag kveld.

Yr meldte regn, Storm meldte snø - og Storm fekk rett.

Først kom det nokre flak på formiddagen, nok til at det la seg på taket på rådhuset, og frå 21-tida til fredag morgon har det snødd og sludda i Os.

Bossbil sto fast

– Den einaste meldinga vi har fått om trafikken er at ein bossbil sto fast i Kolabakken fredag morgon, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

Føraren hekta på kjettingar og kom seg frå staden.

– Alle som har sommardekk bør la bilen stå i dag. Det er ganske glatt fleire stadar, åtvarar politiet.

Eit (Osa)blodslit?

Om det er nokon som er kritisk til kommuen si brøyting så skal dei veta at til og med folk frå kultureininga i dag er i sving.

Utanfor Allaktivitetshuset og brannstasjonen såg vi Kjetil Osablod Grønvigh i sving med moka.

– Det kjem sikkert til å regna vekk, men det er like greit å ta det med ein gong, seier Osablod.

Sol fredag og laurdag - snø søndag kveld

Det er meldt minusgradar kvar natt fram til tysdag. Sjå vêrmelding for Osøyro på Storm.no.

Men det skal vera lettskya og opphaldsvêr utover fredagen, nesten skyfri himmel laurdag og overskya, men opphaldsvêr søndag fram til kvelden.

Litt trøbbel i by'n

No går det i brøyting og salting på vegane - og i dekkskifte hos dei som ikkje tok åtvaringane i media tidlegare i veka på alvor.

I Bergen har det også vore lite tull i trafikken, men BT.no fortel om enkelte tilfelle av trafikkuhell på Vestlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.