Sport | 10. juli 2013

Lite laks første veka

Her er fangstrapporten frå den første veka av årets fiske i Oselvo.

Lite laks første veka
Svein Hansen i sone 2 opningsnatta. Seinare er det tatt fire laks på same plass, men Hansen gjekk tomhendt heim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juli 2013 13:25

Natt til 1. juli opna årets fiske i Oselvo.

Natta gjekk utan fangst, men tysdag 2. juli tok Nils Ekerhovd årets Oskar, ein laks på 6,7 kilo i sone 2.

No er rapporten frå første fangsteveke klar.

• Det blei berre tatt 4 laks den første veka, på til saman 19,3 kilo. Alle er tatt i sone 2.

• Det er tatt 11 tert (laks på under 3 kilo), 8 av desse er tatt i sone 2.

• Dei tre andre tertane er tatt i sone 5, hos Ole Lundetræ og i Storestraumen/Hetleflåten/Tøsdalsvatnet (sone 1 av Osvassdraget).

– Det har vore ein laber start, men det har gått opp eit parti med laks og det er observert laks heilt oppe i Røykenesvatnet, seier Olav Valle frå grunneigarlaget.

Auren på veg tilbake

– Det som er gledeleg å sjå er at sjøauren ser ut til å vera tilbake. Det er tatt ein del stor sjøaure.

Departementet har opna for sjøaure, men grunneigarane har dei site åra bremsa grunna dårleg bestand dei siste åra.

Det er tatt 40 sjøaure, 38 er sett ut igjen, 2 av dei blei så skadd av å bli fiska at dei blei verande på land.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.