– Lite frykt for krig
Nord-Korea trugar med angrep. I Sør-Korea er fleire nordmenn på jobb, blant anna osingen Are Kleiven.
For ei veke sidan fortalte fleire norske aviser om nordkoreansk rasling med sablane.
Våpenkvilen med Sør-Korea blei oppheva på same tid som USA og Sør-Korea starta ei militærøving saman.
VG Nett viste til den statlege avisa Rodong Sinmun då dei fortalte at Nord-Korea sin hær, marine, luftvåpen og strategiske rakettar er klargjort for total krig.
Oppdaterer lister
– Vi merker ikkje stort til dette her nede, seier osingen Are Kleiven til Midtsiden.
– Men dei fleste bedrifter sjekker at alle lister over folk og at informasjonen er oppdatert, legg han til.
Kleiven har budd i Sør-Korea dei siste 5-6 åra, der han jobbar som "site manager" på verft for ABB.
– Bryr seg lite
– Folk flest ser det ikkje som realistisk at det vil bryta ut krig, nord vil bli stoppa av resten av verda. Sør har på ingen måte økonomi til å ta over Nord-Korea.
– Det verkar som om folk flest i Sør-Korea ikkje bryr seg om uroen, dei har vel blitt vant med denne situasjonen etter rundt 60 år.
Nye utspel frå Jong-un
Utover førre veke blei det meir snakk om pave enn om tilstanden i Nord- og Sør-Korea.
Men søndag fortalte Dagbladet.no om nye utspel frå Nord-Korea-leiar Kim Jong-un, som vil ha folk vekk frå sørkoreanske grenseøyer.