Line vender heim
Line Hjelle Berentsen går frå Fana til Os, tre år etter at ho gjekk andre vegen. – Det blir gøy å spele for Os igjen.
Fredag blei overgangspapira sendt inn til håndballforbundet, truleg er Line Hjelle Berentsen klar for spel i den gule Osdrakta når handballdamene møter Gneist på bortebane søndag 23. oktober.
– Det blir gøy dette. Eg har trent med Os den siste veka og har fått eit veldig godt inntrykk, både av jentene som er der no og av trenarane Trond og Gitte, fortel Hjelle Berentsen.
Følte Os var rett
Etter at Hjelle Berentsen ei periode sleit med skade, har det blitt lite spilletid for 1. divisjonslaget til Fana.
– I tillegg tok det å vera barnehagelærar og student så mykje tid at eg såg det blei for mykje å skulle trena seks ganger i veka. Difor følte eg det var rett for meg å gå tilbake til Os no.
Jubel i Os-leiren
Assistenttrenar Gitte Torp er over seg av glede over at Hjelle Berentsen returnerer til Os.
– Eg er så kjempeglad. Vi håpa jo at vi skulle klare å få inn eit par forsterkingar i løpet av hausten. At vi no får inn Line, i tillegg til Pia Johansen som kom tidlegare i haust, er vi utruleg glade for. Dette er to forsterkingar som kan snu opp ned på alt. No har vi ein stall som har kapasitet til å vera med å kjempe heilt der oppe. I mine auge er Line ein klassespelar og fyller eit tomrom vi har vore litt svake på, nemleg langskot.
Vil løfte treningane
Det er ikkje berre i høve kamp Torp gler seg over å ha fått inn dei to nye.
– Dette gjer at vi no har betre dekning på fleire plassar. Det kjem til å styrke oss kampmessig, men også på trening vil det løfte oss. No må jentene i enno større grad trå til på trening for å bli tatt ut til kamp. Ein anna fordel er at belastninga på enkeltspelarar blir mindre når vi har fleire vi kan bytta på. Eg trur dette kan bli ein veldig morosam sesong, avsluttar Torp, som med unntak av siste seriekamp mot Åsane, er særs nøgd med sesongstarten.