Kultur | 07. okt. 2013

Linda tilbake i Hvelvet

Linda Soh Trengereid med ny utstilling i Hvelvet på Oseana. Frå "Hamskifte" til "Destinasjon: Ekvator".

Linda tilbake i Hvelvet
Destinasjon: Ekvator (foto: Linda Soh Trengereid)
Andris Hamremåndag 07. okt. 2013 13:00

– Linda Soh Trengereid er den første utstillaren som får æra av å stille ut for andre gong i Hvelvet.

– Førre gong fekk vi gleda av å sjå "Hamskifte" som var ein del av utstillingsserien "Imagined Homelands". Denne gongen kjem ho med utstillinga "Destinasjon: Ekvator", fortel arrangementssjef Berit Steen.

Skildrar verda

"Destinasjon: Ekvator" skildrar kunstnaren på denne måten:

Gjennom menneskets behov for å kartlegge verden rundt oss, fra globuser med sine skiftende landegrenser til Google Earths virkelighetsskildringer, sett gjennom ulike menneskers kameralinser og satellittbilder, portretteres en verden hvor det konstante, det variable, det naturlige og det menneskeskapte møtes. Verden som vi ser den blir en fiktiv virkelighet.

29 år gamle Trengereid er utdanna frå Kunsthøyskolen i Bergen, og arbeider hovudsakleg med måleri, installasjon, skulptur og teikning.

Linda Soh Trengereid jobbar som regel med figurativt måleri, teikning og installasjon, og ho hentar ofte inspirasjon frå sin eigen historie som utanlandsadoptert frå Sør- Korea.

Utstillinga opnar laurdag 12. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.