Sport | 21. jan. 2018

Limte ballen i krysset

Første treningskamp: To spektakulære mål og to «ungdommelege» mål då Os møtte Øystese.

Limte ballen i krysset
Sander Kvittingen, her då Os vann 3-0 i 2016, er tilbake etter skade og hadde ei fantastisk skåring i treningskamp i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 21. jan. 2018 18:14

Søndag spelte Os mot Øystese i hallen på Sotra i årets første treninskamp.

– Det var ei god gjennomkøyring og vi var klart best! Vi kan bli meir nøye i siste tredel av banen, men elles er eg godt nøgd.

– Spelarane responderer veldig godt på det vi har hatt fokus på til no i oppkøyringa; å halda tempo oppe både i ballfordeling og press, seier Karl Kvile.

Kvittingen er tilbake over eit år etter kindereggskaden i kneet, kom innpå og skåra på spektaulært vis, og Villén klarte det han nesten fekk til i avgjerande serieavsluttinga mot Brattvåg - å skåra omtrent frå midtbanen.

Også ungdomane Harry James Moore og Steffen Kvamsdal skreiv seg på skåringslista.

Os - Øystese 4-0 (0-0)
1-0: Sander Kvittingen med langskot, limt i vinkelen frå skrått hald etter eit fint angrep.
2-0: Harry James Moore med sin nest beste fot, høgre.
3-0: Rafael Villén såg at keeper var ute og skåra omtrent frå midtbanen.
4-0: Steffen Kvamsdal etter innlegg av Moore.

– 4-0 er bra, men det er ikkje det mest gledelege. Det som var kjekt å sjå var at vi meistra det vi øver på, og at vi hadde mange fine angrep, seier Kvile.

Brukte 18 spelarar

Christoffer Hafsås var sjuk og sto over, Mats Cato Moldskred er først tilbake i heimbygda i starten på februar.

Keeper Anders Fossen Lunde måtte stå over, så Erlend Hevrøy sto heile kampen.

Christer Olsen, som er tilbake trening med Os etter eit år pause og halvanna år i Lysekloster, spelte spiss frå start.

Torgeir Lunde, som skal i militæret i april, fekk ikkje speletid.

Desse spelte frå start (4-2-3-1):
Erlend Hevrøy - Endre Brenne, Alexander Dale, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes - Marius Mikkelsen, Rafael Villén - Frode Storebø, Steffen Ljosheim, Øystein Takle Eide - Christer Olsen.

Etter pausen kom Adrian Valle inn for Dale, Vegard Strønen inn for Cardoso, Alexander Tøssebro inn for Mikkelsen og Sander Kvittingen inn for Olsen.

I 60. minutt kom Steffen Kvamsdal inn for Ljosheim, Kristoffer Røttingen inn for Takle Eide og Harry Moore inn for Brenne (men skifta plass med Hjertnes og blei plassert på venstreback).

– Eg synest det var veldig kjekt at både Sander, som har vore vekke over ein sesong, fekk seg ei fin nettkjenning, og at ungdomane viser pågansmot og mangel på frykt, seier Kvile.

Neste treningskamp går borte mot Haugesund 2 neste helg.

• Les òg: Os har avtalt fem treningskampar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.