Næringsliv | 28. mai 2014

Likt, men ulikt

Sjå korleis Osøyro kan bli: Forslaga i arkitektkonkurransen for Bydraget med torget og elvekanten blei presentert onsdag.

Likt, men ulikt
Omlag som dette ser Arkitektkontoret 3RW for seg at det framtidige torget kan bli sjåande ut (ill: 3RW/Os kommune)
Andris Hamreonsdag 28. mai 2014 16:00

Bildeserie:

Bydraget slik Asplan Viak ser det for seg (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Bydraget slik Asplan Viak ser det for seg (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Elvekanten  (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Elvekanten (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Innhaldet i Elvekanten  (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Innhaldet i Elvekanten (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Signalbygg på torget  (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Signalbygg på torget (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Innhald i torget  (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Innhald i torget (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Omlag som dette ser 3RW for seg bydraget med gangbru over elva  (ill: 3RW/Os kommune)
Omlag som dette ser 3RW for seg bydraget med gangbru over elva (ill: 3RW/Os kommune)
Alle tre ser for seg baldakinar for å skjerma publikum mot regn.  (ill: 3RW/Os kommune)
Alle tre ser for seg baldakinar for å skjerma publikum mot regn. (ill: 3RW/Os kommune)
Innhaldet i Elveparken/torget (ill: 3RW/Os kommune)
Innhaldet i Elveparken/torget (ill: 3RW/Os kommune)
Elvestien som 3RW ser for seg (ill: 3RW/Os kommune)
Elvestien som 3RW ser for seg (ill: 3RW/Os kommune)
OG Arkitektar sitt forslag til bydraget (ill: OG/Os kommune)
OG Arkitektar sitt forslag til bydraget (ill: OG/Os kommune)
Illustrasjon på korleis OG ser for seg torget (ill: OG/Os kommune)
Illustrasjon på korleis OG ser for seg torget (ill: OG/Os kommune)
Med paviljongen som ei avgresing (ill: OG/Os kommune)
Med paviljongen som ei avgresing (ill: OG/Os kommune)
Tydeleg Ostorg med eige gatedekke (ill: OG/Os kommune)
Tydeleg Ostorg med eige gatedekke (ill: OG/Os kommune)
Elvekanten slik OG arkitekter ser det for seg (ill: OG/Os kommune)
Elvekanten slik OG arkitekter ser det for seg (ill: OG/Os kommune)
1 av 14

Styringsgruppa for «Liv på Øyro» fekk onsdag ettermiddag presentert dei tre bidraga i arkitektkonkurransen om å teikne korleis Osøyro skal bli i det som Asplan Viak i sin stads- og molegheitsanalyse kalte bydraget. Området ein no har fått teikna strekk seg frå den gamle brannstasjonen til Oselvo mellom bankbygget og Oshjørnet.

– Det å få heilhetlege tankar presentert skal bli utruleg spennande.

– Vi har vald ei avgrensa konkurranse kor tre arkitektfirma har vore invitert til å levera anonymiserte bidrag.

– Eit arkitektfagleg råd har så vurdert dei tre bidraga og gjeve ei uttale til styringsgruppa, som skal få denne i sakspapira til sitt møte 18. juni, orienterte ordførar Terje Søviknes (Frp) før han slapp representantar for dei tre arkitektkontora til.

Dei tre som har delteke i konkurransa er: OG Arkitekter, Arkitektkontoret 3RW og Asplan Viak.

Variasjonar over eit tema

Dei tre kontora presenterte tre forskjellige, men samstundes like løysingar på korleis Osøyro kan bli sjåande ut. Felles for alle tre er løysingar med baldakinar for å skjerma kunder på Osøyro frå regn, eit signalbygg på torget og ei opning opp mot Oselva mellom bankbygget og Oshjørnet.

– De har gjeve oss noko å tenkje på.

– Det å få høyra tankene bak framlegga var interessant og gjev ein heilt anna dimensjon enn berre å sjå teikningane, var konklusjonen frå Søviknes etter at presentasjonane var gitt.

La vekt på trivsel

OG Arkitekter la i sin presentasjon «Osplassen» vekt på utvikla Osøyro med trivsel og fylla det med element som kan kjenneteikna Os som ein by.

– Vi har vore veldig opptekne av at det skal inspirera til leik og at barn og unge skal skal skapa gode minner som dei tek med seg som vaksne.

– Vi vil at Osøyro skal bli ein motsats til den kommersialiseringa unge gjerne opplever på eit kjøpesenteret.

– Noko av det vi såg då vi var på synfaring var at bilane tok mykje plass. Difor foreslår vi ei einvegskøyrd miljøgate.

– Bilane skal få lov på leiken, men ikkje få det siste ordet lenger.

Det viktigaste grepet OG foreslo var å plassera ein pavijong på tvers av bydraget for å tydlegare definera byrommet samtidig som det får ein håndterleg skala. Dei vil òg flytta hovudinngangen til rådhuset ut mot Osplassen, som dei har kalt det nye torget.

– Elva er unik for Os

Arkitektkontoret 3RW har kalla sitt bidrag «Elveosen».

– Elven er unik for Os. Det finnst knapt maken noko stad på Vestlandet som har tilsvarande.

– Os har eit ekstremt potensiale, men enorme utfordringar, innleia representantane frå 3WR.

Dei hadde vald å forlenga bydraget med ei gangbro over Oselva ved bankbygget og bro frå gjestebrygga over mot Vindu mot Fjorden.

– Det vil vera med på å danna påkoblingspunkter for framtidig byutvikling.

Grindbygg inspirert frå vognhallen

Også 3RW vil gjera delar av sentrumseinvegskøyrd, men òg skapa eit felles bygulv for heile sentrum.

– Vi foreslår å leggja eit einhetleg dekke i lys kostet betong eller i heller av lys granitt.

– På den måten oppnår ein å etablere eit dekke som ikkje er hierakisk og som forenar alle dei ulike funksjonane i bydraget.

Til å løysa signalbygget på torget har 3RW henta inspirasjon frå vognhallen og ser for seg eit fleksibelt bygg som kan opnast og lukkast ut frå behov.

Opne rådhuset?

Asplan Viak, som òg sto for stads- og mogheitsanalysen, la i presentasjonen «Bysømmen» vekt på å kytta dei forskjellige områda saman.

– Vi ser òg for oss eit felles gategulv, men har i tillegg lagt inn eit grep som skal vera gjenkjennbart gjennom heile bydraget frå vest til aust.

Som dei to andre vil også Asplan Viak snu inngongen til rådhuset.

– Kanskje kan ein opna rådhuset, slik at ein kan stå på Telthusplassen og sjå gjennom den framtidige rådhusparken og ut på fjorden.

– Det er faktisk mogleg, kommenterte Asplan Viak sin representant, som nok var den av dei tre kontora som var tydelegst på korleis dei ville løysa leikeområdet.

– Framfor Oshjørnet ser vi for oss leikeområde, med hoppesteinar, trampoline og vannleik.

– Kanskje kan ein setta opp gamaldagse manuelle pumper som ungane kan leika med og la vatnet renne ned i eit vatnspegl i Elveparken.

Kva av dei tre bidraga kommunen vel å gå vidare vil truleg bli avklart på møte i styringsgruppa for «Liv på Øyro» i juni. Kommunen har i konkurransa tatt forbehold om at dei òg kan nytta element frå dei to andre sine bidrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.