Likt, men ulikt
Det blei temperatur i tenesteutvalet då dei fekk orientering om dei to store anbodsprosessane på Luranetunet og reinhaldstenesta i Os kommune.
I forkant av onsdagens møte i tenesteutvalet hadde Helge Olav Nygaard (Krf) bedt om ei orientering rundt dei to store anbodsprosessane som blei køyrd i Os kommune denne sommaren. Båe har vore spesielle ved at Os kommune sjølv vann anbudet om å driva andre høgda på Luranetunet, og at tidlegare reinhaldstilsette i Os kommune mista jobben då anbodet på reinhald gjekk frå Vibe til Metode renhold.
– Dei to anboda var like med tanke på at det var tenestekjøp, store summar og tilsette hos leverandørane som tidlegare har vore tilsett i kommunen involvert, forklarte Sivert Smedsvik i administrasjonen.
– Då vi skulle utarbeida konkurransegrunnlaget tok vi utgangspunkt i grunnlaget som låg for konkurransen førre gong og prøvde å spissa desse.
– Lova krev ein god grunn
– I anbodet som gjalt Luranetunet så vurderte vi at omsynet til brukarane av tenesta gav grunnlag for å kreva ei verksemdoverdraging. Vi ville at brukarane skulle oppleva å møta dei same anleta som dei gjorde med den førre leverandøren.
– Det er i lov om offentleg anskaffing stilt krav om at det skal vera ein veldig god grunn for å gjera dette, og det fann vi på Luranetunet.
– Når det gjalt reinhaldstenestene, så fann vi ikkje det same grunnlaget for å krevja ei virksomhetsoverdraging sidan brukarar av kommunale tenester ikkje på same måte er involvert i tenesta anbodet omfatta, forklarte Smedsvik.
Politikarane i tenesteutvalet fekk òg ei utgreiing om kva krav som stillast til innkjøp med omsyn til utlysing på doffin, direkte innkjøp og liknande.
Ikkje krav om politisk handsaming
Helge Olav Nygaard undra på korleis innkjøparen vurderte føringane frå politisk hald i høve til å løfta anbodsgrunnlaget til politisk handsaming.
– Det prinsipielle er spørsmålet om ting skal konkurranseutsettast eller ikkje. Når de har vedteke at ei teneste skal konkurranseutsettast så er det mi oppgåve å syta for at dette skjer i tråd med gjeldande regelverk.
– Om lova endrast, så krev ikkje dette ein ny politisk handsaming, men at vi held oss til dei nye retningslinene som følgje av lova. Skulle det bli løfta til politisk handsaming måtte det ha vore eit heilt nytt kjøp kor til dømes innkjøpsfaktorane hadde blitt endra, repliserte Smedsvik.
Slapp konkurransedyret laus
Arild Mads Nilsen (Ap) kommenterte den støyen som hadde blitt rundt reinhaldskontrakten og lurte på om dei tillitsvalde hadde vore involvert.
– Vi fekk ikkje vera med på å utforma anbodsgrunnlaget. Det skulle vi ha vore, kommenterte hovudtillitsvalgd Johnny Christensen frå sidelina.
– Det blir ein sak mot Metode renhold frå Fagforbundet si side om at dei har ansvaret for å ta over dei tilsette frå Vibe.
– Krf er for konkurranseutsetting, men det gir eindel frie tøyler som slepp laus konkurransedyret, kommenterte Helge Olav Nygaard.
– Det kan du godt seia. Det er heilt legitimt å kreva at dei kommunalt tilsette skal vera sikra jobb første gong du lysar ut ei konkurranse, men andre gangen kan vi ikkje gå inn å styre forholde mellom to tilbydarar. Slik sett kan du godt seia at ein slepp konkurransedyret laus, svara Smedsvik.
Ville likevel vore med
Arild Mats Nilsen gav seg ikkje på at også dei politisk valde burde vore inne i loopen.
– Det som er interessant er den fortolkinga du og kommuneadvokaten har gjort om det er ein verksemdsovertaking eller ikkje. Spørsmålet er om ikkje vi som politikarar burde ha komme inn i dei vurderingane.
Den påstanden fekk Eirik Andre Hesthamar (Frp) til å reagera.
– Det blir merkeleg om vi politisk skal gå inn og overstyra dei juridiske vurderingane som blir gjort.
– Det prinsipielle er om det skal konkurranseutsettast eller ikkje, og det har posisjon sagt at vi skal.