Lokal | 31. okt. 2013

Ligg under snittet

Dei fyrste resultata for nasjonale prøver er no komen, resultata for lesing i 5., 8. og 9. trinn.

Ligg under snittet
Os barneskule er ei av skulane som har gjennomførd nasjonale prøver (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 31. okt. 2013 08:05

Prøvane er på papir og inneheld oppgåver om å finna informasjon i tekstar, tolka og forstå tekstar og reflektera over og vurdera form og innhald i tekstane.

Les òg: Skulane skal løftast

5.trinn

I 5. trinn er det 3 meistringsnivå, der 1 er lavast og 3 er høgaste nivå. Dei nasjonale prøvane visar at 5. klassingane nasjonalt har eit snitt på 2.0 medan Os og Hordaland sitt snitt ligg på 1.9. I Os er det ei forbetring frå resultatet frå i fjor som var 1.8.

8. og 9. trinn

På prøvane til 8. og 9. trinn er det 5 meistringsnivå der 1 er lavast og 5 er høgast.

For 8. klassingane i Os ligg dei på same nivå som året før, 2.9, 0.2 under Hordaland og nasjonalt snitt på 3.1.

Meistringsnivået til 9. klassingane i Os har gått ned frå 3.4 i fjor til 3.2 i år, medan snittet nasjonalt og i Hordaland er på 3.4.

Resultata frå nasjonale prøver i engelsk for 5. og 8. trinn blir publisert 12. november, medan nasjonale prøver i rekning blir publisert 10. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.