Lokal | 10. des. 2012

Leverte 6057 underskrifter

– De har verkeleg tenkt å gni det inn, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen om stipendsaka som har ramma Kongshaug Musikkgymnas.

Leverte 6057 underskrifter
F.v.: Øyvind Lunde Hodneland. Oddvar Rotvik og Kristin Halvorsen. (Foto: Kristin Winther Jørgensen, KPK)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. des. 2012 11:17

Fredag 7. desember var rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik, og Øyvind Lunde Hodneland, initiativtakar til underskriftsaksjonen, i møte med kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Der overrekte dei 6057 underskrifter til støtte til Kongshaug Musikkgymnas – i protest mot Kristin Halvorsen sitt kutt i statsstøtta til skulen.

Les òg: La Kongshaug leve! og – Dette er dramatisk

– Møtet med Halvorsen var positivt, sjølv om det ikkje blei gjeve nye løfter, seier Rotvik i ei pressemelding i dag.

Statsråden uttrykte glede over at Stortinget har gjeve tilbake halvparten av tilskotet slik at det ikkje blir noko kutt frå 1. januar. Ho var også imponert over engasjementet for skulen.

Ei politisk sak til tilskotet er på plass

Kongshaug ser fram til eit nytt møte med Halvorsen og håper det skal være mogleg å nå inn med saklege argument sånn at denne saka finn ei permanent løysing.

– Slik vi opplevde statsråden, er det ikkje knytt prestisje til saka. Det er et godt utgangspunkt, seier Kongshaug-rektoren.

For Kongshaug-saka er ikkje løyst.

– Statsråden forstår at skulen er kome for å bli og at dette vil vera ei politisk sak inntil tilskotet er på plass.

– Eg vil retta ei stor takk til Øyvind Lunde Hodneland, som starta underskriftskampanjen, og takk til kvar enkelt som skreiv under. Underskriftene får vera ei personleg helsing til statsråden inn i julehøgtida, seier Oddvar Rotvik.

Då Halvorsen også fekk julemusikken til bandet Pareli, av tidlegare elevar og lærarar ved Kongshaug, kom glimtet i augo og dagens beste replikk; De har verkeleg tenkt å gni det inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.