Lette og lystige bondepiker
Det blei vårleg og lystig i kjærleikens teikn då Tilslørte Bondepiker inviterte til konsert i foajeen på Oseana fredag.
Utanfor sto Erlend Moberg sin grøne traktor med ein rundball som ønskja velkomen til konsert. Inne var det pynta med trillebår, støvler og kvite margaritter. Scena var dekt av eit blomsterteppe og oppå sto ein bukett song-glade bondepiker under leiing av Kristine Bjånes.
– Vi er i grønt, og skulle alarmen gå, så er det berre å følgje dei grøne skilta. Men vi har òg ein raud tråd, kjærleik og mannfolk. Velkomen til bondepikeromantikk, helsa Ann Kristin Tøsdal på vegne av koret.
Dyktige avløysarar
Som frø i ein nysådd åker kom lette lystige songer frå perioda 1947 til 2012, mellomanna Mr Sandman, Hallelujah og Den du veit.
Ikkje nok med at bondepikene var i slag, i tillegg hadde dei fått med seg dyktige avløysarar i Selma Fosså Bunæs, Torbjørn Sandmo og Jan Haaland.
– Vi har førebudd litt musikk for dykk, men ikkje snakkinga imellom. No skal jo vi ungdommar vera i opprør mot foreldra våre, så vi har vald ei låt frå 1946 og ei frå 2013, fortalde Torbjørn til latter frå dei 150 tilskoderane som var på den utselde konserten.
Lodda ut seg sjølv
Ei av tilskoderane var ekstra heldig. Koret hadde nemleg funne ut at dei skulle lodda ut seg sjølv. Ikkje for å ta våronna hjå ein av tilhøyrarane, men får å gje ein eksklusiv heimekonsert.
– 13. juni kjem vi til deg. Kor mange andre du inviterer er heilt opp til deg, smilte Irene Ullensvang til vinnaren som berre kan gle seg. Det kan òg dei som blir invitert for desse bondepikene kan både synga og underhalde.