Lekkasje i Oselvo?
Tysdag strauma vatnet litt mot normale retninger rett utanfor gjestebrygga. I det brune vatnet flaut òg papirrestar og anna boss.
Kommunen driv denne veka lekkasjesøk i det kommunale vassleidningsnettet, med utgangspunkt frå sentrum. Det spørs om ikkje eit søk i kloakknettet òg burde vore gjort.
Tysdag formiddag fekk Midtsiden tips om at kloakken flaut rett utanfor pumpestasjonen ved gjestebrygga.
– Vi har ikkje fått noko melding om det, men skal sjølvsagt undersøka, fortalde teknisk vakt då Midtsiden tok kontakt.
Lekkasjesøket kommunen driv denne veka er ein del av det ordinære vedlikehaldsarbeidet til kommunen. Søket blir utført av Bergen Vann på vegne av kommunen. Enkelte private vassledningar vil òg bli undersøkt om det er mistanke om lekkasje.