Mann funnen død
Sakna mann funnen etter rundt to timar.
Politiet opplyste klokka 19.06 onsdag at dei var i ferd med å starta ein leiteaksjon på Søre Neset.
– Vi søker etter ein mann som ikkje har kome heim. Mannen har vore vekke i over eit døgn.
Røde Kors stilte med 15 personar, i tillegg kom Norske Redningshundar med sju ekvipasjar. Også droner deltok i søket.
Lunde barneskule blir brukt som base under aksjonen.
Oppdatert: Politiet opplyser om at det var gjort funn av ein død person. Personen er ikkje identifisert, men funnet blir kopla til aksjonen og pårørande til sakna er varsla.
– Det er ikkje mistanke om at vedkomande er utsett for noko kriminelt, seier innsatsleiar Ivar Kvant.
Vedkomande blei funne i terreng etter rundt to timar søk, i nærområdet til sakna. Leiteaksjonen er avblåst og redningsmannskap har samla seg for debriefing.