Leitar framleis
Vassleidningsbrotet i Industrivegen er framleis ikkje lokalisert.
Arbeidet med å finna leidningsbrotet i Industrivegen har vist seg å vera meir krevjande enn venta.
– Det er ingen eksakt vitenskap dette, men vi håpar å finna feilen snart, seier Agnete Haugland på teknisk vakt i Os kommune.
– Vi har fått fyllt oppatt bassenget, og reinseanlegget går som normalt, så dei som miste vatnet over kote 70 i går har fått det tilbake. No skal alle abonnenter ha vatn, med unntak av i det området dei no har stengt det av grunna leitinga. No undersøkjer dei i området ved Montér.
Kote er faguttrykket for meter over havet, og kote 70 er dermed 70 meter over havet.
– Kokevarselet gjeld framleis, og eg rår folk til å følgja med på heimesidene til kommunen. Der ligg oppdatert informasjon til ei kvar tid.
Her er kokevarselet:
«Av hygieniske årsaker, må drikkevatnet i områdene Svegane, Hagavik, Nore Neset og Lepsøy kokast frå klokka 23.00 søndag 28. februar. Alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss, må kokast fyrst. Vi er lei oss for ulempene dette gir, og jobbar så raskt vi kan for å løyse problemet. Vi sender deg ny melding når problemet er løyst. Sjå www.oskommune.no for meir informasjon. Venleg helsing Os kommune»