Leika seg i NM-kvaliken
I fjor måtte dei til ekstraomgangar i første kvalifiseringsrunde, i dag blei det braksiger til Os.
Laurdag spelte Os årets første teljande kamp, NM-kvalifisering borte mot Nordhordland.
I fjor måtte Os til ekstraomgangar for å slå NHH 3-4 borte i første NM-kvalik (før dei slo Tertnes etter straffedrama og møtte Brann i første ordinære runde).
I dag var det lite motstand i Nordhordland, som kom på 4. plass i 4. divisjon i fjor.
Nordhordland - Os 1-8 (0-5)
Målskårarar: Erik Kanestrøm 2, Stian Lunde 2, Marius Mikkelsen 2, Christoffer Hafsås, sjølvmål
Årets første startellevar, Os: Frode Øvredal - Markus Sørås Bjørnevik, Torkel Hjertnes, Adrian Valle, Knut Spangelo Haga - Torgeir Lunde, Rafael Villén (Emil Halver) - Erik Kanestrøm, Øystein Takle Eide (Steffen Ljosheim) - Stian Lunde og Christoffer Hafsås (Marius Mikkelsen).
0-1 kom tidleg på eit godt, innoverskrudd frispark av Erik Kanestrøm.
– Vertane hadde nokre farlege sjansar, men vi styrte kampen og skapte klart mest. Baklengsmålet kom ikkje før på tampen, då vi leia 0-8, seier Hassan El Fakiri.
Os-trenaren er svært nøgd med kampen.
– Vi fekk til mykje av det vi har øvd på i vinter og klarte også å skåra mange mål. Dette var ei kjekk oppleving for gutane før vi reiser på treningsleir.
Til veka reiser A-laget til Kypros.
Ein liten strek i rekninga er det at Hafsås, som skåra i debuten for Os, gjekk ut med strekk. Kor alvorleg det var gjenstår å sjå.
Desse er òg vidare
Blant andre lokale resultat frå NM-kvalifiseringa finn vi:
Gneist - Frøya 5-4
Vardeneset - Kopervik 4-0
Fleire kampar blir spelt seinare:
Austevoll - Vadmyra (16/3)
Loddefjord - Varegg (16/3
Odda - Øystese (16/3)