Leia to gongar
Os måtte nøya seg med poengdeling i serieavslutninga mot Kopervik i dag.
Laurdag blei årets 3. divisjon avslutta. Både Os og Lysekloster spelte uavgjort og Stord rykker opp til 2. divisjon frå avdeling 7.
Lysekloster låg under fleire gongar, men heldt fram med å utlikna til det sto 3-3 til slutt.
Spennande blei det likevel, for Stord låg under for Vardeneset, men utlikna i kampen som enda 1-1.
På Kuventræ var det ikkje like mykje som sto på spel, likevel blei det ein intens og god kamp der begge lag skapte mykje.
Os - Kopervik 2-2 (1-1)
Målskårarar, Os: Roar Vestbø og Preben Borgen.
Gule kort, Os: Preben Borgen, Børge Borgen og Ramo Racic.
Os: Anders Kloven - Stian Bakke, Mats Lepsøe (John Ole Johannesen), Børge Borgen, Håvard Grøteide (Anders Glesnes) - Stian Lunde, Håkon Kvittingen, Roar Vestbø, Torkel Hjertnes, Preben Borgen - Ramo Racic
Os fekk straffe etter at Roar Vestbø blei felt då han sprang gjennom forsvaret på hjørnet av 16-meteren.
Preben Borgen sette straffen i 6. minutt, rett i stolpen. Ingen tok returen.
Vestbø var gjennom igjen med ein frekk chip over keeper i 16. minutt, men ein forsvarar kom i full fart og hindra Vestbø i å nå ballen igjen.
På overtid av 1. omgang utlikna gjestane.
Slapp start etter pause
Medan Os var hakket kvassare og hadde dei mest tydelege sjansane før pause, let dei gjestane overta initiativet og sjanseproduksjonen første halvdel av 2. omgang.
Litt flaks og ei tiger-redning av Kloven gjorde at Os ikkje hamna under.
Skåra på frispark
I rundt 65. minutt kom heimelaget tilbake.
Spesielt Preben Borgen gjorde det hektisk framfor Kopervik-målet, Os fekk fleire cornarar og både Glesnes og Kvittingen fekk lausna gode skot frå returrommet.
Men 2-1-målet kom på frispark av Preben frå cirka 20 meter.
Os heldt fram med å pressa, men Kopervik hadde ikkje gjeve opp. På eit langskot utanfor det eine hjørnet av 16-meteren blei det 2-2.
Ikkje alle resultata har kome inn, men Os landar cirka midt på tabellen på plassen bak Kopervik.