Lokal | 03. juni 2014

Legg på 5 mill til Os idrettspark

Politikarane nyttar 12,28 millionar av overskotet frå 2013 til utviklinga av Os idrettspark. 5 millionar meir enn framlegget frå administrasjonen.

Legg på 5 mill til Os idrettspark
Politikarane set av 12,28 millionar av overskotet til realiseringa av Os Idrettspark Kuventræ. Først ut er friidrettsanlegg og ny kunstgrasbane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 03. juni 2014 15:46

I april vedtok kommunestyret at Os idrettspark Kuventræ skulle realiserast. Mykje takka vera ei gåve på 10 millionar kroner frå Trond Mohn. Korleis kommunen skulle finansiera dei 19.383 millionane dei skulle inn i prosjektet med skulle ein koma tilbake til når overskotet frå 2013 skulle disponerast og i økonomiplanen for 2015-2016.

Tysdag gav formannskapet si innstilling til kommunestyret på korleis dei vel 33 millionane kommunen gjekk med i overskot i 2013 skal nyttast.

Administrasjonen hadde gjort framlegg om at 12 millionar skulle nyttast til eigenkapitalinnskot i KLP, 7,28 millionar til Os idrettspark Kuventræ, 7 millionar i Finansbufferfond og 7,71 millionar til disposjonsfond for kommunestyret.

– Vi er einige at finansbufferfondet bør opp i 30 millionar, men med den avsetninga vi gjer på 2 millionar er vi no oppe i 25.

– Det meiner vi er forsvarleg.

– I staden flyttar vi fem millionar til Os Idrettspark Kuventræ, slik at vi nyttar 12,28 millionar av overskotet som eigenkapital i det prosjektet.

– Då sikrar vi finansieringa og slepp å ta opp så mykje lån, seier Marie Bruarøy (H).

Dei resterande 7,6 millionane vil kommunen komma attende til i samband med økonomiplanen for 2015 og 2016.

Eingongsmidlar i staden for lån

Bruarøy er ikkje einig med Lars Atle Skorpen (Ap) som ville nytta to millionar til å nedbetala eksisterande lånegjeld.

– Det meiner vi ikkje monnar i særleg grad på driftsbudsjetta.

– Då er det betre å bruke eingongsmidla som overskotet er til vedtekne investeringar, argumenterar Bruarøy.

Skorpen argumenterte i møtet for at ei nedbetaling av gjeld var vegen å gå, sjølv om framlegget blei omtale frå dei andre partia som ei symbolhandling.

– Vi sa allereie i førre kommuenstyremøte at vi kom til å foreslå nedbetaling av gjeld.

– Summen vi bruker til det skulle gjerne ha vore større, men vi tenkte det ville vera lettere å få med dei andre partia om summen ikkje var så høg.

– Sjølv om det er ei symbolhandling så gir det oss ein vekkar, meinte Skorpen.

I tillegg til å omdiponera fem millionar frå finansbufferfond til Os idrettspark Kuventræ, forslo H/Frp å overføra 2,494 millionar til drift for 2014 for å dekka netto reduksjon i frie inntekter og at 5,216 millioner blir satt av til disposisjonsfond for formannskapet.

H/Frp sitt framlegg blei vedteken med 7 (Frp/H/Tvs/V) stemmer mot 2 (Ap).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.