Ledig og utselt
Dagfinn Lyngbø har selt nesten 1000 billettar i Oseana, Hanne Krogh og tenorane speler i kveld for rundt 300. Sjå liste; billettsalet på dei største arrangementa ut året.
"Ta meg til Havet" seier Hanne Krogh, og legg i kveld turneen innom Oseana i strandkanten.
I sommar tok showet Kyst-Norge med storm, tidlegare rekordar blei smadra, pressen skreiv fine ord og enkelte publikummarar såg showet tre-fire gongar.
“Ta meg til havet er forskjellig fra alt annet. Den er aldri diktet, men blitt til gjennom historier og opplevelser til kystfolk det er verd å lytte til. Det hele krydres med operaverdenens største arier, amerikanske crooner-sanger, musical-perler og storslagen korsang".
– Arrangørane leiger Oseana. For å få det til å klaffa med turnéplanen blei det ein torsdag, ikkje i helga, men dei har selt nærmare 300 billettar og eg trur nok det kjem litt folk og betalar seg inn i døra i kveld, seier programsjef i Oseana, Berit Steen.
– Det er lit av eit ensemble som kjem her i kveld, Hanne, tre tenorar, musikarar og eit kor på rundt 50 songarar. Vi gler oss veldig.
2 x Lyngbø nesten utselt
No sit Berit og jobbar med vårprogrammet, og gler seg over det som allereie er vårens bestseljar, Dagfinn Lyngbø.
Amfiet i Oseana tar 490 publikummarar. På to dagar blei alle billettane til Lyngbø-showet Stereo, som blir spelt i Oseana 3. april neste år, utselt.
Det blei sett opp ekstranummer, og her er det allereie selt over 400 billettar.
– Det største namnet til no
Etter Hanne Krogh i kveld og Oktoberfest laurdag er det rimeleg tett med kjente namn fram mot jul.
– Vi er veldig spente på Lill Lindfors, som er den største skandinaviske stjerna vi har hatt i Oseana til no, seier Steen.
Lindfors kjem til Oseana onsdag 13. november, cirka halvparten av billettane til konserten er selt.
To dagar seinare er det Lattergalla, som har selt endå betre, medan Vamp i desember er utselt og lokale Fonos i midten av desember allereie har selt over halvparten av billettane.
Her er cirka-billettsal på nokre av dei andre komande arrangementa:
(Alle tala er omtrentlege, +/- 20, og notert 17/10)
1. november, VILDANDEN: 400 av 490
2. november, GISLE B. STYVE og HEINE TOTLAND: 260
13. november, LILL LINDFORS: 240
15. november, LATTERGALLA (Bård Tufte m.fl.): 310
22. november, BJØRN EIDSVÅG: 290
29. november: SJUR HJELTNES: 70
30. november: NORDIC TENORS & The Neumann Strings: 180
2. desember: NAVID - Each One Teach One: 130
7. desember: VAMP: utselt (490)
10. desember: FONOS: 270