Lokal | 16. juli 2013

Laus båt – lause kyr

Politiet var nær på å starta leiteaksjon i går, men så dukka båteigar opp.

Laus båt – lause kyr
Skeisosen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. juli 2013 09:39

Måndag ettermiddag rykte politiet ut etter tre lause hestar som trava frå Hatvikvegen, forbi lensmannskontoret og gjennom Os sentrum til Gymnasvegen.

Hestane blei, etter ei stund med list og lempe i ein hage ved gymnaset, fanga og leia tilbake til beitet på Klyva.

Fleire lause dyr

– Seinare fekk vi melding om lause kyr, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Klokka 19.30 meldte ein innbyggar i Finnebrekka frå om lause kyr som gjekk i hagen hans og beita.

– Kyrne hadde stukke frå beitet ved trafoen i Borgavegen, bonden kom og sanka dei inn igjen.

Båt på rek

I 18-tida måndag fekk politiet melding om båt på rek.

– Ein båt med påhengs låg på rek i Skeisosen.

– Det kunne sjå ut som om den nyleg var brukt, og vi vurderte leiteaksjon, men fann ut at eigar ikkje var sakna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.