Laurdag er det open brannstasjon igjen
Bjørnafjorden brann og redning fortel om programmet.
Vi er i veke 38, på veg inn i ei tid der det ofte er fleire bustadbrannar, og tid for den årlege brannvernveka.
Tradisjon tru blir det open brannstasjon både på Moberg og i Eikelandsosen laurdag.
– Open brannstasjon er ein god tradisjon og ein viktig arena for å gi nyttig informasjon om brannforebygging, seier leiar for brannforebyggende avdeling, Arne Rødberg.
På open brannstasjon får ungane læra om branntryggleik, delta i konkurransar og testa sløkkeutstyr.
– Bjørnis kjem òg begge plassar, klokka 11.15 i Eikelandsosen og klokka 13 på Moberg, avslører Rødberg.
I tillegg til brannvesenet vil politi, helse, ambulanse og andre samarbeidspartnarar ha stand på stasjonane.
– Det blir bamsesjukehus og det blir sjanse for å sjå nærmare på ein politibil.
Arrangøren håper gjestane kjem gåande, syklande eller med kollektivtransport.
– Det er ikkje ledige parkeringsplassar på stasjonen denne dagen.
Brannvernveka blir arrangert av Brannvernforeningen i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Gjensidigestiftelsen og brannvesenet.
- Du kan lesa meir om den riksdekkande kampanjen på brannvernforeningen.no