Kultur | 20. nov. 2013

Latterleg godt sal

Etter ein fullsett Lattergalla, der komikarane trefte med det meste, går billettsalet så det kostar på Oseana. Men det er framleis 63 ledige til Bjørn Eidsvåg fredag.

Latterleg godt sal
Lattergalla: Nils-Ingar Aadne er svært god til å dra publikum med. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. nov. 2013 09:59

– No går det unna her! Lattergallaen blei utselt, bygdekinoen blei utselt og Vamp i desember og begge showa med Dagfinn Lyngbø i april er ribba for billettar, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

– Og det er minst like kjekt at lokale artistar sel så godt. Det lokale koret Fonos sin julekonsert blei utselt allereie førre veke. I tillegg har alle billettane til Fantorangens juleshow gått unna. Juleshowet blir med over 100 elevar frå Os kulturskule saman med barne-TV-figuren og artistar frå Ung Symfoni.

Ikkje alle er utselt

Sjølv om både store namn og lokale grupper sel godt, er det framleis fleire interessante arrangement før nyttår med ledig kapasitet.

Først ut er Bjørn Eidsvåg, som selte to fulle hus for to år sidan. Til konserten førstkomande fredag er det i skrivande stund 63 ledige billettar.

Fredagen etter er det Sjur Hjeltnes, som har selt halvparten av dei 250 setene som er sett opp.

Same helg, om laurdagen, står Nordic Tenors på scenen. Dei har selt litt over halvparten av 490 sete. Dagen etter skal Navid dansa i Oseana. Der er 2/3 av billettane ledige.

Sjarm og skivebom

Lattergallaen som gjekk i helga hadde godt billettsal, men to veker før såg det ut som om det skulle bli nokre ledige rader bakerst. Sånn gjekk det ikkje, alle setene var varme fredag kveld.

Og komikarane leverte til ein feststemt sal, i eit opplegg tilsvarande ein klubbkveld på Catten, eller på Stand-Up Bergen, der Nils-Ingar Aadne var konferansier og kjørte sine økter mellom Johan Golden, Pernille Sørensen og Bård Tufte, som fekk kvar sine sekvensar.

Nils-Ingar fekk tett og god kontakt med publikum der han spurde dei ut om kven dei sat saman med, kvar dei kom frå og kva dei jobba med. Det meste kunne spelast på, best var han kanskje då han fekk ein frå Ålesund å etterlikna, på show med to damer, ikkje gniten denne sunnmøringen, eller?

Aadne trefte godt, også då han gjorde narr av "rykande ferske" nyhende i onsdagsutgåva av Os & Fusaposten, som skreiv om saker frå fredagen før, og då dei viste korleis Midtsiden sitt oppsett, med tittel under bilde, kan misoppfattast. "Sjarmerande sjarmtroll" er ein tittel som høyrer saman med ei sak om Flåklypa, men som også sto fint saman med bilde av Rolv H. Bjørø og Ingun Meiler frå aksjonsgruppa Bevar Fjellheim.

Men då han snakka med ein mann på første rad som sa han jobba med "å selja vindauge", og gjorde eit stort nummer av kor kjedeleg jobb dette måtte vera, lo publikum kanskje av andre årsaker enn Aadne trudde. Vindauge-seljaren var for mange lett å kjenna igjen på stemma, Ole-Vidar Skaathun, eigar av Magnorvindauget, som med kraftig vekst og gode tal truleg har ein nesten like interessant jobb som komikaren Nils-Ingar.

Då han i tillegg spurde om kona hans er "vindauge-frue" i staden for fotballfrue, var det også fristande å fortelja Aadne at Magnorvindauget er ein av dei større sponsorane til årets seriemeister i Tippeligaen, Strømsgodset.

Best og verst med damene

Johan Golden var først ute og brukte etter Aadne sin sjarmetappe litt tid på å få publikum varme. Han fekk kanskje best respons på historia om turen på flytoget med ein daud dachs.

Pernille Sørensen brukte kanskje litt for mykje tid på eit anna daudt dyr, ein grevling, men historia slo godt an. Også menn med tupé var ok, men litt tamt. Betre blei det då ho spora inn på kvinner og interiør, alt vi ikkje treng, som store blokkbokstavar ståande på kjøkkenhylla og skilt med orda "EAT" og "SLEEP" over kjøkken og soverom. Og alt som ser så fint ut i butikken, men som ikkje blir så stilig når du tar det heim.

Så kom Bård Tufte, energisk og tettpakka, og med svært godt materiale då han kom innpå kvinner og skadefryd, korleis kvinner som ber om hjelp på Kvinneguiden.no i staden får svar der medsøstre løftar fram seg sjølv, med dårleg kamflert skryt av eigen person og eige avkom, og gjerne kritisrer den som har spørsmål eller ber om hjelp.

Så fekk også Bård ein exit som fekk både han sjølv og kollegaene til å bli flaue. Då salen blei invitert til å koma med spørsmål, og eit av spørsmåla fekk Tufte inn på Joker-Nord-modus, datt det ut av han "og her kjem Joker-hora", til ei uskuldig i salen, på veg tilbake til setet sitt etter ein tur på toalettet.

Dei tre kollegaene lo seg krokete samtidig som dei prøvde å unnskylda Tufte, som også sjølv bad om unnskyldning til ei dame som såg ut til å ta det heile med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.