Lator i drift i nytt fabrikklokale
Dei har laga skilt til bil og hus i 70 år. No har bergensbedrifta kome til Os.
I mars i fjor fortalde eigarane av Lator Skiltfabrikk, som har vore i Bergen sidan 50-talet, at dei ville flytta fabrikk og butikk til komande nybygg i Kloppamyro i Os.
– Vi starta flytteprosessen i november, kom i drift i desember og var ute av gamlelokalet i Bergen 15. januar. Det blei ein omfattande flytteprosess, men vi er glade over å vera på plass i nytt lokale, seier Arild René Gill.
Han overtok eigarskapen til sin eigen arbeidsplass i 2008, saman med kollega Asbjørn Sandal. Sandal, som no er den einaste med lengre pendlarveg til jobb, går av med pensjon denne våren. Dei andre tre tilsette, inkludert Gill, bur i Os.
– Lokalet er nesten like stort som det vi hadde, men langt meir praktisk, ikkje minst fordi førre lokale var fordelt over to etasjar.
Butikk, utstilling, kontor og fabrikk
Lator Skiltfabrikk er no leigetakarar på gateplan i brørne Aspenes og Inge Hjelle sitt nybygg bak den nye Spar-butikken på Nore Neset.
Sjølv om mesteparten av handelen går via nett og nettbutikk, har dei innreia resepsjon og utstilling så folk kan koma innom og sjå utvalet og bestilla varer.
– Resten er kontor, spiserom og to verkstadar, éin for bilskilt, éin for andre skilt, fortel Silje Eldøy Grønvigh.
1 av 2 i Noreg
Tidlegare lagde fabrikken skilt for vegvesenet, men då dette gjekk på anbod var det berre verna bedrifter som fekk rekna på oppdraget. Dei lager framleis skilthaldarar, blant anna til bilforhandlarar og verkstadar, og til veteranbil, som er ei stor og viktig kundegruppe.
– Det er berre éin annan skiltfabrikk av vår type igjen i Noreg. Vi sender skilt til veteranbilar over heile landet, fortel Arild.
Blant andre bestseljarar er skilt til husdører, husnummer, postkassar og ulike gåver.
Lokale kundar og samarbeidspartnarar
Arild fortel at Lator ikkje lager butikkskilt, men at dei heller samarbeider med reklamebyrå og trykkeri.
– Lokale reklamebyrå i Os kan bli blant samarbeidspartnarane våre. Vi har blant anna samarbeidd ein del med Premiebua, som i februar opna verkstad og utstillling i Os sentrum.
– Vi har ulike maskiner og utstyr, og sender ofte kundar til kvarandre.
Nye kundar har det òg blitt, etter flytting til Os.
– Os kommune og Samnanger kommune har hamna på kundelista, det same har lokale bilverkstadar, som vil ha bakplater til prøveskilt.
– Os Lakk og Karosseri har dessutan blitt leverandør til oss, dei hjelper oss med lakkering, så det blir ein del turar over Skeisflaten for henting og bringing.
Lator omsette for 2,3 millionar første år etter at nye eigarar overok, men har no løfta omsetnaden til over 5 millionar kroner. Selskapet har gått med overskot alle dei seks siste åra.