Sport | 12. sep. 2016

Lars Eirik suveren på heimebane

Lars Eirik Vevatne knuste all motstand i ungdomsmeisterskapet og vann framfor klubbkamerat Håvard Jacobsen Askvik.

Lars Eirik suveren på heimebane
Lars Eirik Vevatne var suveren då han vann singelsculler laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 12. sep. 2016 09:58

Bildeserie:

Søndag vann Vevatne sitt heat like suverent (foto: AH)
Søndag vann Vevatne sitt heat like suverent (foto: AH)
Det same gjorde Håvard Jacobsen Askvik (foto: AH)
Det same gjorde Håvard Jacobsen Askvik (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
Fleire av osroarane gjorde det skarpt i helga (foto: AH)
1 av 7

Denne helga har Os roklubb stått som arrangør for ungdomsmeisterskapet og Ulven Regattaen.

Unge roarar frå heile landet har brynt seg i konkurranse med kvarandre, og av dei fleire lokale roarar, som til dei grader har levert varene. Sjå os roarane sine plasseringar nederst i saken.

Med Tufte som forbilde

Ein av dei som gjorde det skarpast var Lars Eirik Vevatne, som laurdag vann ungdomsmeisterskapet for singelsculler (HJC f03 1x) med tida 2.01.8. Vevatne vann framfor klubbkamerat Håvard Jacobsen Askvik (2.09.5).

Begge gutane følgde opp søndag med å vinna kvart sitt heat. Lars Eirik i det første heatet (2.02.4) og Håvard i 2. heat (2.06.3)

– Det var enkelt og greitt i dag. Det var fine tilhøve og heilt vindstille, fortalde unge Vevatne då Midtsiden snakka med han etter målgang.

Ungguten har lagt ein god sesong bak seg med fire gull i Stavanger, eitt gull og to bronse på Årungen og eitt gull, to sølv og ei bronse i Sarpsborg.

– Det har gått bra i år, oppsummerar han beskjedent.

– Kvar er det som gjer at du held på med roing?

– Fordi det er gøy.

Kven som er forbildet på roarenaen er han tydeleg på.

– Det er Olaf Tufte.

– Fordi han er så flink, kjem det enkelt og greitt når vi spør kvifor den tidlegare OL-meisteren og bronsemedaljøren frå årets OL i Rio er det store forbildet.

Osroarane sine plasseringar laurdag:

Finale DJD 2x
2. pl – Matilde Ottesen Hustad, Linea Rådmannsøy Lunde

Finale HJB 2x
6. pl – Bergen/Os - Knut Heidrik Flornes Rustad, Aleksander Haaland Hillestad

Finale MIX JC 4x
3. pl – NSR/OS – Marie Glomnes Rudi, Ella Marie Hegge, Lisa Nakamoto Byberg, Lars Eirik Vevatne

HS 1x
1. pl – Torbjørn Lothe Mehammer

Finale HJ2x
3. pl – Eivind Vevatne, Emil Heidal Haugland

HS 2x
1. pl – Erling Øyasæter, Arne Hadler-Olsen

Finale HJC F03 1x
1. pl - Lars Eirik Vevatne
2. pl – Håvard Jacobsen Askvik

Finale HJD 1x
1. pl - Marius Hustad Ottesen
3. pl - Emil Heidal Haugland
4. pl – Eivind Vevatne

Finale DJD 1x
4. pl – Mathilde Hustad Ottesen

HS 4x
1. pl - Arne Hadler-Olsen, Erling Øyasæter, Torbjørn Lothe Mehammer, Bård A. Monsen

Finale HJC f02 1x
5. pl – Espen Sørstrømmen Hauge

Åpne nybegynner 1x
1. pl – Eliot Emil Folkmann
2. pl – Oscar Samdal
4. pl – Linea Rådmannsøy Lunde

Åpen nybegynner 4x
3. pl – Eivind Vevatne, Mathilde Hustad Ottesen, Emil Heida Haugland, Marius Hustad Ottesen

Osroarane sine plasseringar søndag:

DJD 2x
2. pl – Matilde Ottesen Hustad, Linea Rådmannsøy Lunde

Mix JC 4x
2. pl – NSR/OS - Marie Glomnes Rudi, Ella Marie Hegge, Lisa Nakamoto Byberg, Lars Eirik Vevatne

HJD 1x
3. pl – Marius Hustad Ottesen
4. pl – Emil Heidal Haugland
5. pl – Eivind Vevatne

HJC 2x
2. pl, heat 1 – Håvard Jacobsen Askvik, Johannes Kristian Klyve Forsbø
4. pl, heat 1 – Mikael Hustad, Espen Sørstrønen Hauge
5. pl, heat 1 – Oscar Samdal, Eliot Emil Folkmann
4. pl, heat 3 – Tord Grindstein, Lars Eirik Vevatne

DJD 1x
5. pl – Mathilde Hustad Ottesen

HJB 4x
3. pl – Bergens/Os – Aleksander Haaland Hillestad, Rasmus Østgulen Hopland, Adrian Tellefsen Taranger, Andreas Fiskerstrand

HJC 1x
1. pl, heat 1 – Lars Eirik Vevatne
1. pl, heat 2 – Håvard Jacobsen Askvik
4. pl, heat 2 – Mikael Hustad
2. pl, heat 3 – Tord Grindstein
3. pl, heat 3 – Johannes Kristian Klyve Forsbø
3. pl, heat 4 – Espen Sørstrømmen Hauge

HJD 2x
3. pl – Marius Hustad Ottesen, Emil Heidal Haugland

HJB 1x
2. pl, heat 2 – Aleksander Haaland Hillestad
1. pl, heat 3 – Lars Moberg Haukeland

Åpen nybegynner 4x
2. pl – Mathilde Hustad Ottesen, Eivind Vevatne, Marius Hustad Ottesen, Emil Heidal Haugland

Åpne nybegynner 1x
1. pl – Eliot Emil Folkmann
3. pl – Oscar Samdal
4. pl – Linea Rådmannsøy Lunde

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.