Kultur | 16. feb. 2016

Lar borna leike med lyd

Laurdag kjem musikarar frå BiT20 Ensemble til Oseana for å leika med borna i «Lydgrotten».

Lar borna leike med lyd
I helga spelte BiT20 Ensemblet «Lydgrotten» for fulle hus i Bergen (foto: Birk Nygaard)
Andris Hamretysdag 16. feb. 2016 10:40

«Lydgrotten» er ei framsyning der musikarane frå BiT20 Ensemblet involverar borna til å delta i framsyninga.

– Vi har med oss fire flotte formidlarar som inviterar med seg borna til å skapa musikk. Dei har laga eit musikkstykke, men treng hjelp til å laga det ferdig, forklarar Trude Bruket, dagleg leiar for BiT20 Ensemblet.

For fulle hus

Framsyninga gjekk denne helga for fulle hus i Barnas kulturhus i Bergen.

– Konseptet er tilpassa born i alderen 3 til 8 år. Eg vil oppmoda alle om å ta med seg sine eigne lydar til forestillinga. Om du tenkjer deg om er det mykje av det du har heime som lagar lyd på ulikt vis. Borna har truleg allereie utforska det, seier Bruket.

– Desse kvardagslydane kan vi setje saman til å passa inn i musikken i Lydgrotta. Vi tek ungane sin nysgjerrighet og utforskingstrang på alvor og involverar dei til å delta saman med våre proffe musikarar, avsluttar Bruket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.