Fritid | 17. juli 2024

Lånte vekk leikar i Mobergsvika

Det er tredje veka på rad dei to smilande ferievikarane på BUA arrangerer popup-dag.

Lånte vekk leikar i Mobergsvika
Gina Kvåle Istad (21) og Torstein Haugetun (21) er på plass i Mobergsvika i dag for å låna ut utstyr frå BUA i finavêret. (Foto: Elin Johnsen)
Elin Johnsen
Elin Johnsenonsdag 17. juli 2024 12:58

For to veker sidan lånte dei ut gratis padelutstyr, og måtte leiga fleire ekstra banar på Interpadel Os til alle som kom og ville vera med.

I førre veke lånte BUA ut utstyr til yrande liv i Nore Nesethallen.

I håpte BUA-vikarane Gina Kvåle Istad (21) og Torstein Haugetun (21) at mange ville ta turen til Mobergsvika for å låna utstyr til varierte og kjekke aktivitetar til vanns og til lands.

Populære popup-dagar

Istad og Haugetun fortel om vellykka og godt besøkte popup-dagar i sommar.

– I år har vi vore flinkare til å reklamera for oss sjølv på sosiale media enn tidlegare år, og det ser ut til å ha hatt ein veldig positiv effekt, fortel Istad.

– I dag har vi med oss to SUP-ar, redningsvestar, frisbeegolf, kubb, boccia og badminton, seier Haugetun.

Midtsiden var innom rett etter oppstart. Då var allereie far og dotter i sving.

Bildeserie:

Sandra Løland (7) og pappa Jan Tore var dei aller første på plass og ville testa både SUP og frisbeegolf. (Foto: Elin Johnsen)
Sandra Løland (7) og pappa Jan Tore var dei aller første på plass og ville testa både SUP og frisbeegolf. (Foto: Elin Johnsen)
Torstein Haugetun (21) i sving med å pumpa opp SUP-ane. (Foto: Elin Johnsen)
Torstein Haugetun (21) i sving med å pumpa opp SUP-ane. (Foto: Elin Johnsen)
Gøy med frisbeegolf. (Foto: Elin Johnsen)
Gøy med frisbeegolf. (Foto: Elin Johnsen)
Fleire kom ned til Mobergsviko etterkvart. (Foto: Elin Johnsen)
Fleire kom ned til Mobergsviko etterkvart. (Foto: Elin Johnsen)
1 av 4

Sandra Løland (7) og pappa Jan Tore var av dei aller første besøkande i Mobergsvika i dag.

Sandra ville testa SUP og fekk tørrtrena litt på land før dei skulle heim for å bytta til badeklede.

– Vi har ikkje lånt frå BUA før, men her var det jo mykje kjekt å få låna, seier pappa Jan Tore som lånte frisbeegolfen.

– Vi håpar på mange besøkande utover dagen, seier Istad og Haugetun.

Mykje turutstyr

Popup-dagane er i sommar ein tilleggsdag til vanlege BUA-dagar som er tysdagar og torsdagar.

– Sommaren i BUA har vore travel. Mange folk har kvar opningsdag vore innom for å låna utstyr, fortel dei to ferievikarane.

– Nokre dagar har me ikkje fått lagt utstyr som har vore på utlån på plass igjen før det vert lånt ut på ny.

Turutstyr har vore favoritten til no denne sommaren.

– Det har vore spesielt populært med firemannstelt og anna turutstyr som soveposar og liggeunderlag i år. SUP er òg veldig populært.

– Det vi låner minst ut er kanskje slakk line og frisbeegolfen, seier Istad.

Å vera tidleg ute når ein har tenkt å låna er lurt, for BUA her på Os tek ikkje imot reservasjonar, slik som i Eikelandsfjorden BUA.

– Vi har god kapasitet og folk får stort sett tak i det dei ønskjer.

Ut i felten neste veke òg

I neste veke skal BUA ha den siste popup-dagen denne sommaren.

Dei har ikkje bestemt kor eller kva dei då skal finna på endå.

– Så no får folk berre følga med framover på instagram, facebook eller Oppslagstavlo i Os, seier dei to blide ferievikarane.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.