Lokal | 16. aug. 2011

Lanserer mobil reiseplanleggjar

Lurar du på kva tid bussen går? No kan mobilen gje deg svaret.

Lanserer mobil reiseplanleggjar
Andris Hamretysdag 16. aug. 2011 10:44

Skyss lanserar i desse dagar reiseplanleggjar for iPhone og Android.

Applikasjonen gjer det mogleg for kollektivreisande å planleggje reisa si uavhengig av kvar dei oppheld seg. Ved hjelp av GPS-funksjonaliteten i mobiltelefonen kan ein orientere seg og finne nærmaste haldeplass og avgang.

- Det er gledeleg at våre kollektivreisande no kan planleggje reisa med mobiltelefonen. No håper vi at mange tek applikasjonen i bruk, og at enda fleire vel å reise kollektivt, seier Oddmund Sylta, direktør i Skyss i ei pressemelding.

Same som på nettet

Applikasjonen er basert på den same tekniske løysinga som reiseplanleggjaren på skyss.no, og viser avgangs- og framkomsttider etter rutetabellen.

Det ligg inne data om Skyss sitt tilbod i heile Hordaland (buss, båt og Bybanen).

Slik kan du nytta app'en:

  • Reiseplanleggjar med søkjefunksjonalitet. Planlegg reisa di frå A til B ved å skrive inn avreisestaden og destinasjonen i søkjefeltet.
  • Listevising med ruteinformasjon om avgangar frå haldeplassar i nærleiken, basert på GPS-funksjonaliteten i smarttelefonar.
  • Kartvising av området der telefonen er. Haldeplassane blir viste med eit busskilt. Ein kan zoome inn på det aktuelle stoppet. Ved å klikke på eit stopp får du opp ei liste over dei neste avgangane frå dette stoppet.

Applikasjonen er gratis og kan lastast ned frå App Store og Android Market ved å søkje på ”Skyss”.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.