Langhelg betyr stengd
Har du planar om stor feiring av pinsen og 17. mai er det snart på tide å gjera unna handlinga av både mat og drikke.
Kombinasjonen av pinse og 17. mai gjer nemleg at dei fleste butikkane har stengd frå laurdag klokka 16 og fram til 18. mai.
Unntaka er dei søndagsopne butikkane som Bunnpris i Øyane, Joker på Søfteland og i Os sentrum og Coop Extra på Amfi Os. Der vil du framleis ha moglegheiten for å få fylt på kjøleskapet ein eller fleire dager gjennom pinsen.
Polet stengt
Er du av dei som har tradisjon med å ha champagne-frukost 17. mai bør du vera om deg om du ikkje allereie har kjøpt boblene.
På grunn av pinsen stenger nemleg Vinmonopolet fredag klokka 18 og held stengd til og med 17. mai.
I år er siste året Vinmonopolet ikkje held ope på pinseaften. Ei lovendring som trer i kraft frå 1. august opnar nemleg opp for at Vinmonopolet frå neste år også kan helde ope påskeaften og pinseaften.