LANGA avslutta Osøren
Søndag kveld blei årets blues- og jazzfestival runda av med jazz og soul i Os kyrkje.
– Søndagskonsertane er kvart år ei veldig fin avslutting på festivalen, synest Gunnar Nagell Dahl.
Festivalsjefen var sjølv i kyrkja for å nyta konserten med LANGA.
– Det er godt å berre sitja å lytta, å høyra musikk utan bakgrunnsstøy etter tre livlege kveldar.
LANGA består av Janet December (vokal), Torstein Halvorsen (saksofon), Vegard Henanger (gitar), osingen Ole Amund Gjersvik (bass) og Thomas Frøyen (trommer).
December hadde i tillegg med seg ei venninne frå Sør-Afrika på vokal.
Konserten hadde rundt 80 betalande publikummarar.
– Langa seier at dei speler musikk som dei sjølve likar, så her var det stor variasjon.
– Repertoaret spenner frå rolege balladar som «What a wonderful world», «Imagine» og «Halleluja», til «The Mandela song» og Miriam Makebas «The click song» på xhosa-språket, skriv arrangørane på osoren.no.