Lokal | 10. des. 2016

Laila på 4. plass

– Vi har fått eit knallgodt lag, med Helge André, Silje, Torkil og Laila på topp, seier Gustav Bahus, fylkesleiar i Hordaland Frp.

Laila på 4. plass
Fylkesleiar Gustav Bahus er nøgd med å ha fått sambygding Laila Marie Reiertsen på 4. plass på partiet si liste til stortingsvalet (privat foto)
Andris Hamrelaurdag 10. des. 2016 13:43

Hordaland Frp hadde laurdag nominasjonsmøte kor Helge André Njåstad frå Austevoll, Silje Hjemdal frå Bergen, Torkil Åmland frå Bergen og Laila Marie Reiertsen frå Os blei vald på dei fire øvste plassene.

– Dette er eit knallgodt utgangspunkt for eit sterkt stortingsval. Kombinasjonen av by og land og av menn og kvinner er eg veldig nøgd med, seier Gustav Bahus, lokallagsleiar i Os og fylkesleiar i Hordaland Frp.

Kan få fast plass

Bahus ser ikkje bort frå at dei kan klara å få alle fire inn på stortinget etter valet neste haust.

– Vi må nok opp i rundt 20% i Hordaland for å klara det. Det er langt frå umogleg, men det er klart det blir ein kamp.

– Som lokallagleiar er det klart eg er nøgd med at vi har fått Laila inn så høgt oppe på lista, seier Bahus på veg heim til Os saman med nettopp Laila Marie Reiertsen.

Audmjuk og motivert

Reiertsen er audmjuk over tilliten.

– Eg er veldig audmjuk og glad for at partiet set pris på den jobben eg har gjort. Dette gjev motivasjon for å stå på vidare.

– Eg er stolt av Frp som klarar å få til to menn og to kvinner på dei øvste plassene. Vi er eit godt lag med forskjellig bakgrunn som utfyller kvarandre på ein veldig god måte. Eg gler meg til å gå i kampen saman med dei andre, seier Reiertsen.

– Dette laget skal ikkje vera vanskeleg å selgje inn til folk flest, skyt Bahus inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.