Politi | 07. mai 2021

Lagt i jern etter trafikkontroll

UP ba om assistanse frå Bjørnafjorden lensmannskontor.

Lagt i jern etter trafikkontroll
Bilen blei stoppa på Halhjemvegen torsdag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2021 09:28 - Sist oppdatert 07. mai 2021

Torsdag i 21.15-tida blei ein bilist stoppa av Utrykningspolitiet på E39 Halhjemsvegen.

– Bilførar framsto som rusa, men nekta å ta narkotest. Han var også kverulerande.

– UP ba om assistanse, og vi rykte ut, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det blei funne lynlåsposar og ein del kontantar på mannen.

Vedkomande er ein mann i 30-åra frå utlandet, med adresse i Bergen. Han skal ha forklart at han var på veg ut av landet, men kom ikkje så langt i denne omgang.

– Han blei køyrd til arresten. Det er òg beslutta ransaking av bustaden hans i Bergen.

Mannen har ikkje førarkort, og er kjent for politiet frå før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.