Lager lydskule
Frå grunnleggande innspeling til miksing, etterarbeid og rigging av PA-system - Os Rockeklubb inviterer til tre helger med lydskule.
Vil du ha bandet på band? Eller lager du musikk på pc-en din? No blir det lydskule i tre delar.
– Du kan velja om du berre vil vera med éi helg eller delta på alle tre kursa, seier Paul Inge Vikingstad.
ORBO-bassist Vikingstad, som har jobba mykje i studioet i Allaktivitetshuset, er kurshaldar på lydskulen Os Rockeklubb no inviterer til.
– Vi har fått nokre midlar av Norsk Musikkråd som passa bra å bruka på dette tiltaket. Kurset er med desse midlane sponsa godt ned i pris, så det kostar ikkje mange hundrelappane per helg, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå Os Rockeklubb.
Frå opptak til LIVE
Førstkomande helg er første kurshelg, og då står studioteknikk på programmet.
– Første del blir innspeling, å ta opp instrument og vokal , nok til å ta opp ein demo.
– Helga etter er vi også i studioet i Allaktivitetshuset. Då skal vi læra om miksing og anna etterarbeid, seier Vikingstad.
Den siste helga blir i Os Rockeklubb sitt lokale i kjellaren i Oshallen.
– Her blir det live-kunnskap. Då lærer kursdeltakarane å setja opp PA (public adress), altså å miksa livemusikk. Eit band er på plass som prøvekanin, så får vi sjå kor god lyd vi klarer å få ut av dei.
Bra interesse
Paul Inge, som har vore ein viktig ressurs for Os Rockeklubb, som driv studioet i Allakten, seier musikarar som har vore innom har vist stor interesse for lydteknikar-faget.
– Det er klart det er positivt å ha ein i bandet med denne typen kunnskap.
– I tillegg kan det gje grunnlag for ei ekstrainntekt i ny og ne, skyt Grønvigh inn.
– Det er ofte underskot for lydfolk, anten det er snakk om ein konsert eller ein festival.
Kurset har plass til oppunder 10 deltakarar. Siste kurshelg har plass til litt fleire, sidan den helga er i større lokale.